Nyheter

Kristen fridomskjempar tergar Kina

Joshua Wong vaks opp i ein luthersk heim og fekk rettferdssansen styrkt på kristen privatskule. Han kjempar for Hongkongs fridom.

Han var berre 13 år gammal då han stilte opp på den første protestaksjonen. Året etter skipa Joshua Wong og ein kamerat Scolarism, ei rørsle som kjempa mot kinesisk påverknad av skulesystemet i Hongkong. I 2012 organiserte Scolarism demonstrasjonar med vel 100.000 deltakarar.

To år seinare var Wong på nytt i front. Som studentleiar organiserte han den såkalla paraplyrørsla, som også kravde meir demokrati i den tidlegare britiske kronkolonien. Etter at territoriet ble tilbakeført til Kina i 1997, har Hongkong hatt delvis sjølvstyre, etter prinsippet «eitt land – to system».

LES MEIR: Kina strammer grepet om Hongkong

Fengsla fleire gonger

No gjev Joshua Wong ansikt til demokratiaktivistane som sidan mars har demonstrert i Hongkongs gater. Dei krev større demokratisk fridom, at Hongkongs leiar Carrie Lam går av, at politiets maktbruk blir granska og at fengsla aktivistar blir sette fri. Wong står i brodden som generalsekretær i partiet han skipa, Demosisto.

Sjølv har Wong fått sett innsida av fengselsceller ved fleire høve. Seinast no i september blei han pågripen på flyplassen i Hongkong for brot på kausjonsvilkåra etter at han førre månad blei sett fri frå fengsel.

Luthersk heim

22 år gamle Joshua Wong blei fødd inn i ein luthersk familie i Hongkong - 12 prosent av byens folkesetnad er kristne. Då det blei tid for skulestart, sende foreldra unge Joshua på ein kristen privatskule.

Etter skuletid tok faren med seg Joshua rundt om til byens utsette område, og kveikte på denne måten sonens sosialetiske engasjement. Særleg blei engasjementet for rettferd sterkt - og det blei styrka gjennom åra på den kristne skulen, fortel magasinet New Left Review.

Mykje heider

Gjennom åra som protestleiar er Wong blitt mykje heider til del. Magasinet Fortune kåra han i 2015 til ein av «verdas store leiarar». Året før hadde magasinet Time nominert han til «Årets person».

No reiser han verda rundt for å samla støtte til krava som jallar i Hongkongs gater. Sist veke var han i USA og samtalte med leiarar i Demokratane. Veka før der var han i Tyskland. Her skapte møtet med landets utanriksminister vreide i Beijing.

Avisa Bild hadde invitert Wong til Tyskland og Berlin, og under eit arrangement møtte Wong utanriksminister Heiko Maas. Møtet med den prominente statsråden fekk Beijing til å sjå raudt.

LES MEIR: For lavmælt om Hongkong

Protest, protest

Tysklands ambassadør i Beijing måtte inn på teppet etter møtet, og i Berlin forklarte den kinesiske ambassadøren Wu Ken kvifor landet reagerer så sterkt:

– Me protesterer veldig sterkt. Denne hendinga vil ha ei svært negativ påverknad på det bilaterale forholdet, sa sendemannen.

Ambassadøren opplyste også at kinesiske styresmakter fleire gonger hadde bede Tyskland om å nekte Wong innreise til landet.

Møte med Lam

Protestane Wong er med på å leie, fører fram. I morgon vil Hongkongs hardt pressa leiar, Carrie Lam, møte 150 tilfeldig utvalde demonstrantar. 20.000 søkte om å få møte henne.

---

Organisator

  • Joshua Wong er fødd 13. oktober 1996.

  • Studerer politikk og administrasjon.

  • Starta som aktivist 13 år gammal, grunnla protestrørsla Scolarism i 2011.

  • Som studentleiar organiserte han paraplyrørsla i 2014, som kravde meir demokrati i Hongkong.

  • I 2016 skipa han partiet Demosisto saman med vener frå Scolarism, partiet krev folkerøysting om Hongkongs status etter 2047.

  • Er ein av frontfigurane for protestrørsla som har fylt Hongkongs gater sidan mars.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter