Nyheter

Kristen bakar kan nekte homofilt par bryllaupskake

Bakaren Jack Phillips nekta i 2012 å bake bryllaupskake til to menn som skulle gifte seg. Fullt lovleg seier USAs høgsterett.

Ein seks år lang kakestrid er avslutta i USA høgste domstol.

Saka starta i 2012. David Mullins og Charlie Craig skulle gifte seg, og ønskte å halde bryllaupsmottakinga i byen Denver i Colorado. Dei gjekk til Masterpiece Cakeshop og forklarte kva slags bryllaupskake dei ville ha.

Men bakar Jack Philips sa nei. Han lagar ikkje kaker til samlingar som bryt med trua hans. Som kristen kunne han ikkje lage kake spesielt til det homofile paret som skulle gifte seg, for han er motstandar av likekjønna ekteskap.

Men for at Mullins og Craig ikkje skulle gå tomhendte frå bakeriet, baud bakaren dei ei av dei ferdigpynta kakene. Dei takka nei.

LES MEIR Lager vei rundt uenighet

Fekk medhald

Paret sjekka lovgjevinga i Colorado og fann ut at delstaten forbyr diskriminering tufta på seksuell orientering – og klaga Phillips inn for Colorados kommisjon for sivile rettar.

Kommisjonen gav Mullins og Craig medhald. Men fordi Philips anka, kom kakestriden opp for delstatens ankedomstol. Dommaren gav paret medhald på nytt:

Masterpiece Cakeshop kan fritt gje uttrykk for religiøs tru. Men skal bakeriet tilby tenester i Colorado, kan det ikkje avvise kundar ut frå seksuell legning.

Blei krenka

Etter fleire rettsrundar i Colorado enda kakestriden på bordet til USAs øvste domstol i desember i fjor. Måndag var sju av ni høgsterettsdommarar klare med ein orskurd – to tok dissens:

Colorados kommisjonen for sivile rettar krenka baker Jack Philipps` rett til utøving av sin religion.

Høgsteretts understrekar at ulike omsyn må vegast opp mot kvarandre i denne typen saker, og at konklusjonen kan bli annleis i andre saker der det oppstår konfliktar mellom religionsfridom og forbod mot diskriminering.

LES MER Splittes i synet på homofile

Farleg utvikling

Organisasjonar som kjempar for homofiles rettar ser mørkt på avgjerda frå domstolen, fortel New York Times:

– Retten har i dag tilbode farlig oppmuntring til dei som vil nekte LHBT-arar borgarrettar, seier Rachel B. Tiven, dagleg leiar i Lambda Legal.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter