Nyheter

Kristelege høgskular vil stå åleine

Kunnskapsministeren ber høgskular finne seg ein partnar. Misjonssambandets høgskule vil gå vidare åleine.

Bilde 1 av 2

I dag arrangerer Fjellhaug Internasjonale Høgskole og Musikkteaterhøgskolen seminar der dei uttrykkjer bekymring for fusjonspresset frå Solberg-regjeringa. «Er det plass for mindre fagmiljøer i fremtidens høyskolesystem?» spør dei to høgskulane.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil kvitte seg med «vanklande stankelbein». Han vil redusere talet på universitet og høgskular, særleg små og veike.

I statsbudsjettet for 2017 melder statsråden at det går rette vegen, etter at han i fjor kravde omfattande samanslåingar for å «styrke kvaliteten», «skape robuste fagmiljø», «bidra til regional utvikling» og «bygge verdsleiande fagmiljø».

LES MEIR Ungdomsskole kan havne på Fjellhaug

Storfusjon

– Mange av dei utfordringane som viste at det var behov for endringar i den statlege delen av sektoren, gjeld også ein del av dei private institusjonane. Vi har sagt at strukturendringar også vil gje private høgskolar nye rammevilkår. Det er derfor naturleg at også private høgskuler vurderer samanslåing, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

I år har éin ny stor kristeleg høgskule sett dagens lys, VID vitenskapelige høgskole (sjå eiga sak).

Statsstøtte

Fem kristeleg høgskular har førebels ikkje funne seg ein partnar, Fjellhaug Internasjonale Høgskole, Dronning Mauds Minne Høgskole, Ansgar Teologiske Høgskole, Høyskolen for Ledelse og Teologi og Lovisenberg diakonale høgskole.

På Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FIH) prøver rektor Frank-Ole Thoresen å stå imot fusjonspresset:

– Kunnskapsministeren seier han vil bevare mangfaldet i sektoren, og det er aksept for høgskular med tydeleg profil – slik som FIH, som har eit særleg samfunnsmandat, vi tilbyr noko ingen andre har.

– Samstundes opplever vi eit sterkt press for å gå saman med andre høgskular. Vi ser i statsbudsjettet for 2017 at store universitet og høgskular blir belønna økonomisk.

Fagmiljø

Thoresen åtvarar mot dei som meiner at storleik er det same som kvalitet.

– Vi som ein liten høgskule har dei same kvalitetskrava som dei store.

Dette ser også politisk leiing i Kunnskapsdepartementet:

– Små institusjonar kan ha sterke fagmiljø, og det er dei private høgskulane og deira eigarar som sjølve må vurdere om dei vil slå seg saman, seier statssekretær Haugstad.

Dei tilsette ved FiH representerer ni prosent av det totale fagmiljøet innan teologi- og religionsfeltet i høgskulesektoren i Norge.

LES MEIR – Derfor lykkes Misjonssambandet

Samtalar

FIH er eigd av Norsk Luthersk Misjonsamband (NLM) og har sidan 1898 utdanna unge til jobbar i NLMs arbeid i inn- og utland.

– Vi utdannar framleis mange til eige arbeid, men stadig fleire av våre studentar byrjar også i andre organisasjonar og kyrkjesamfunn etter avslutta utdanning, seier Thoresen.

I protokollen frå møtet i NLMs hovedstyre i april i år skriv styret at generalsekretær Øyvind Åsland har hatt «Møte med representanter for Fjellhaug og NLA om samarbeid mellom institusjonene.» Med NLA meiner ein Norges nest største private høgskule, NLA Høgskolen.

– Er Fjellhaug på veg inn i NLA?

– Nei. Gjennom året har vi fleire møter med NLA for å drøfte samarbeid, fortel FIH-rektor Thoresen.

Åleine

På Dronning Mauds Minne Høgskole, som tilbyr barnehagelærarutdanning, er der ingen fusjonsentusiasme å spore.

– Vi blir ståande åleine. Styret har drøfta fusjon, ikkje ut frå ein konkret førespurnad, men ut frå ei overordna vurdering av moglege føremoner og ulemper med aktuelle. Styret ser i dag ingen avgjerande grunn til å slå høgskulen saman med ein eller fleire andre, seier styreleiar Olav Molven.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter