Nyheter

KrF vil gjere surrogati ulovleg

KrF vil tette holet i lova som gjer det mogleg for nordmenn å bruke surrogatimødre i utlandet ustraffa.

– Vi vil surrogati-industrien til livs, seier KrF-nestleiar Olaug Bollestad.

KrF mislikar sterkt at norsk lov seier to ting: Surrogati er forbode i Norge, men nordmenn som gjer bruk av surrogati i utlandet blir ikkje straffa. Dermed kan utanlandske selskap tilby sine surrogatitenester heilt lovleg.

– Vi har kjempe ein kvinnekamp for å fremje likeverd. Så skal nokre kvinner bli eit middel for at andre skal oppfylt ønskje om å bli foreldre. Dermed blir barn ei vare, meiner Bollestad.

Samle støtte

– Korleis vil KrF stoppe «surrogati-industrien»?

– Etter valet vil KrF prøve å samle politisk støtte for å gjere det ulovleg for nordmenn å bruke selskap som sel surrogatitenester i utlandet.

Administrerande direktør Eduardo Afonso i Tammuz Nordic er glad for at det er ein «engasjert debatt som surrogati i både Sverige og Norge».

– Berre gjennom ein opplyst samfunnsdebatt kan vi endre synet på surrogati, seier han.

Strenge krav

KrFs Olaug Bollestad meiner det er umoralsk å bruke det ho omtalar som fattige kvinner i Ukraina til å bere fram barn for norske par.

– Fattige kvinner sel livmora si.

Eduardo Afonso meiner KrFs nestleiar bør undersøkje fakta betre:

– Dei kvinnene som vi har avtalar med, møter strenge krav. Dei må gjennom ein omfattande helsesjekk, og ein psykologsjekk. Dei må ha fødd minst eitt barn, dei må ha bustad og jobb.

Endra lova

Det var dåverande helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) som fekk inn straffeunntaket i bioteknologilova. Etter forslag frå Støre vedtok Stortinget i 2013 at privatpersonar som søkjer eller gjer bruk av tilbod – i utlandet – som ikkje er tillate etter lova, ikkje kan straffast.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter