Nyheter

KrF tonar ned «kristeleg»

Partiet skal hegne om den kristne kulturarven, men ønskjer å fortelje veljarane at det er svært «folkeleg».

Kristelig Folkeparti er grundige når dei skal snekre nye partiprogram. Difor blir førsteutkastet presentert halvanna før stortingsvalet.

– No skal dette forslaget ut på høyring i lokallaga, før det kjem tilbake til oss, seier programkomitéleiar og nesteleiar Dagrun Eriksen, før ho dreg gjennom hovudpunkta i programmet som skal heve KrF over 5,6-nivået frå 2013 – noko som var opp 0,1 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2009.

BERIT AALBORG KOMMENTERER: «KrFs abortfamling kan stå i veien for politikk som reduserer aborttallene»

Folkeleg

Partiet som set «Menneskeverd i sentrum» har delt det nye partiprogrammet inn i fem hovudbolkar: Velferdssamfunnet, likeverdssamfunnet, sterkare fellesskap, framtidsretta forvaltarskap og det felles beste i verda.

– Vi har tatt utgangspunkt i det vi ser som fem store utfordringar for vårt samfunn i tida som kjem, seier Eriksen på pressesamlinga om nytt program.

I det nye programmet legg KrF større vekt på «folkeleg» og mindre på «kristeleg», seier Eriksen til NTB.

– Den kristne kulturarven er med oss, men vi har utvida med at det i sterkare grad handlar om et samfunnsansvar, seier Eriksen.

Verdiar

Difor vil partiet, som understrekar at det skal hegne om den kristne kulturarven, også få inn sosial, etisk og kulturell kompetanse som ein av dei grunnleggjande dugleikane i skulen

– Det handlar ikkje smalt om kristen kulturarv, men korleis vi som samfunn må byggje sterkare på verdiar, dersom vi skal skape det gode samfunnet, forklarar Eriksen.

Ho trur ikkje kjerneveljarane blir skræmde vekk av nyvektinga mellom «kristeleg» og «folkeleg».

LES MER KrF kan sende Frp ut av regjering

Instruksrett

I november var KrF med på eit breitt asylforlik i Stortinget som strammar inn norsk asyl- og flyktningpolitikk. No seier partiet bestemt nei til det regjeringspartiet fekk gjennom med hjelp frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet: Justisdepartementets rett til å kunne instruere Utlendingsnemnda (UNE).

KrF vil verne UNEs rolle som eit uavhengig organ i utlendingsforvaltninga. I forslaget til partiprogram for 2017-2021 vil partiet «at UNE ikke skal kunne instrueres for å sikre deres uavhengighet som klageorgan».

– Vi var med på asylforliket, og står for det, understrekar likevel Eriksen.

Bistandsvekst

På eit anna punkt markerer KrF at dei er svært usamde med budsjettkameratane Høgre og Frp. Partiet har nemleg ein draum:

– Vi vil ha eit bistandsbudsjettet på ein prosent av BNI, der utgifter til klima og flyktningar blir halde utanfor. På sikt vil vi at bistandsbudsjettet skal opp til 1,3 prosent av BNI, seier Eriksen.

BNI er brutto nasjonalinntekt. Bistandsbataljane i fjor haust enda med at Stortinget vedtok eit bistandsbudsjett på nesten 35 milliardar kroner, men der store summar blei flytta frå langsiktig bistand til krisebistand.

Innsnevring

KrF har alltid vore ein sterk forsvarar av langsiktig utviklingsbistand. I vinter vedtok OECD at visse militærutgifter kan førast på bistandsbudsjettet – om det handlar om tryggingsarbeid. Denne utviklinga vil KrF snu:

«KrF mener bistandens legitimitet svekkes ved at stadig nye områder, som klima, asylutgifter og sikkerhet, defineres inn på bistandsbudsjettet. Det gjør det også vanskelig for bistanden å nå dens resultater. Derfor må norske myndigheter aktivt arbeide i OECD/DAC og andre relevante arenaer for at bistandsdefinisjonen ikke skal utvides», står det i utkastet til nytt partiprogram.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter