Nyheter

KrF pressar på for å hente IS-barn til Norge

Regjeringa må snart fatte ei avgjerd om lagnaden til norske IS-barn i Syria, meiner KrFs talsmann i Stortingets utanrikskomité, Knut Arild Hareide.

– KrF dyttar på for ei raskare avgjerd, seier Hareide til Vårt Land, og legg til:

– I den situasjonen me er no er alle gode initiativ velkomne.

Han viser til tilbodet frå International Commission on Missing Persons (ICMP) – eller Den internasjonale kommisjonen for sakna personar – som Vårt Land omtalte i går.

Som ein av ni kommissærar i ICMP har tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk (KrF) skrive brev til statsminister Erna Solberg der ICMP tilbyr regjeringa hjelp til å identifisere norske IS-barn i Syria.

LES MEIR: Eks-utanriksminister tilbyr hjelp til regjeringa – kan finne norske IS-barn

Opning

Sidan februar har regjeringa drøfta korleis Norge skal handtere dei norske IS-barna som oppheld seg i Syria, med og utan foreldre. For tre månader sidan sa Erna Solberg at norske IS-krigarar og barna deira kan få kome tilbake til Norge, men at regjeringa ikkje aktivt vil hente nokon heim:

– Me kan ikkje sende inn norske diplomatar og hente nokon ut no, sa ho til VG.

Så, i april, opna Solberg for å hente heim foreldrelause IS-barn.

Usemje

Lagnaden til dei norske IS-barna er vanskeleg for regjeringa. Medan Høgre og Solberg opnar for berre foreldrelause barn, krev KrF at alle barn, foreldrelause eller ei, må få kome heim. Også Venstre meiner at barn i Syria med norsk tilknyting må hentast hit. Framstegspartiet meiner at berre foreldrelause med avklart identitet kan få kome til Norge. Difor vil partiet DNA-teste barn før avreise Syria.

Planlegging

I vinter og vår har fleire land henta heim eigne borgarar frå Syria og Irak. Siste land ut er Tyrkia. I går opplyste Tyrkias ambassadør i Irak at dei vil hente heim eigne borgarar, og då særleg barna som har ein og to foreldre som har kjempa for IS. Dei skal heim innan høgtida ramadan er over, seier Fatih Yıldız til nyhendebyrået Anadolu.

Sist veke kom dei sju barna til den svensk-norske IS-krigeraren Michael Skråmo heim til Sverige. Ifølgje Aftonbladet ytte svenske styresmakter hjelp til sjølve heimreisa.

Frå før har Russland, Kazakstan, Kosovo, Indonesia og Frankrike henta heim borgarar frå leirar med IS-krigarar i Syria og Irak.

KrFs Knut Arild Hareide opplyser at mange av desse operasjonane blei planlagt lenge før dei blei rulla ut:

– Det er ikkje gjort i ei handvending å hente ut norske borgarar, men no byrjar det å haste, seier han til Vårt Land.

Avviste

New York Times skriv at berre i Syria er det minst 13.000 utanlandske borgarar med band til IS. Av desse er 12.000 kvinner og barn.

– Kva har desse barna gjort, spør hjelpearbeidaren Fabrizio Carboni frå Raudekrossen, som er i oppsamlingsleiren i al-Hol i Syria. Og svarar sjølv:

– Ingenting.

Oppsamlingsleirane i Syria blir drifta av ulike militsar. Me kan ikkje internere desse menneska i all framtid, fortel militsane Til New York Times.

Nokre land, Australia og Storbritannia, har gjort det klart at dei tek ingen i retur. Difor har Storbritannia kansellert passa til om lag 150 IS-krigarar og IS-kvinner.

LES MEIR: Kirkens Bymisjon har spesialmottak for IS-barn

Heimvende

Til no i mai har Kosovo henta heim 110, i hovudsak kvinner og barn. Dei som no prøver å få fotfeste i den fattige, ferske Balkan-nasjonen, melder om harde dagar.

– Eg er utsliten, seier Edona Berisha Demolli til Financial Times.

Mannen døydde på slagmarka i Syria, så ho prøver no å skaffe seg og dei fem barna inntekter, noko som er vanskeleg frå før i eit land med høg arbeidsløyse. Kosovo har heller ingen utbygd velferdsstat.

I Kosovo er det straffbart å ha kjempa for IS. Til no er over 70 heimvende dømde.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter