Politikk

KrF-politikar Arne Lyngstad er død

Tidlegare KrF-politikar og stortingsrepresentant Arne Lyngstad er død. Han blei 57 år gammal.

– På vegner av partiet han tente så lenge og trufast, er det med takksemd og audmjukheit eg lyser fred over Arne Lyngstads minne, skriv KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i minneord om Lyngstad.

Lyngstad gjekk bort torsdag i førre veke, på Kristi himmelfartsdag, etter mange års kamp mot kreft. Allereie i 2001 blei Lyngstad råka av beinmergskreft.

Prislønna hovudoppgåve

Opphavleg er Lyngstad frå Verdal i Nord-Trøndelag.

– Det var lærar den unge verdølen hadde tenkt å bli då han byrja på sine studiar, som mellom anna førte til ei prisløna hovudoppgåve i historie i 1992. Temaet var «Europa-debatt i den Sosialistiske Internasjonale 1955-63». Dette fekk KrFs parlamentariske leiar Kåre Gjønnes greie på, og han hyra inn den unge historikaren – og partimedlemmen – som rådgjevar for Europa-politikken i KrF, skriv Ropstad i minneordet.

Ved stortingsvalet i 1997 blei Lyngstad éin av dei KrF-politikarane som kom inn på Stortinget med bravur, då partiet for første gong hadde representantar i alle fylka i Noreg. I ein alder av 35 år hadde han allereie ei rekkje verv bak seg – i KrF, KrFU, lokalpolitikk i Verdal og Trondheim, og på fylkestinget i Nord-Trøndelag.

– Innan edruskapsarbeidet hadde han også hatt fleire verv, mellom anna som leiar for Det Norske Totalavholdsselskaps Ungdomsforbund – no ein del av Juvente, skriv Ropstad.

Hardt råka

På Stortinget sat Lyngstad i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i to periodar. I perioden 1993-97 hadde han vore rådgjevar for Jon Lilletun – som den gong leiar komiteen. Lyngstad sjølv blei nestleiar i komiteen.

I 2001 blei KrF-politikaren råka av beinmergskreft.

– Det var ei tøff melding å få for ein småbarnsfar, men han taklar det på ein måte som berre kan omtalast som tapper. Han kom då også tilbake til arbeidet som stortingsrepresentant, og etter valet i 2005, der mandatet i Nord-Trøndelag gjekk tapt, var han igjen rådgjevar i stortingsgruppa til KrF i ein periode, skriv KrF-leiaren i minneordet.

Aktiv til det siste

I 2006 blei Lyngstad direktør i den diakonale Lukasstiftelsen, men måtte seinare trappe ned då sjukdomen slo til på nytt.

– Engasjementet var likevel sterkt, mellom anna som brukarrepresentant i Avgjerdsnemnda for legemiddel. Også i partiet heldt han fram med å engasjere seg. Så seint som 5. mai i år, drygt tre veker før han døydde, deltok han på ei valkampsamling i Trondheim KrF, fortel Ropstad.

– Arne Lyngstad vil bli hugsa som ein trufast, flittig og grundig medarbeidar, like mykje bak i kulissane som på scena. Han var ein mann som sin godt kunne seie at berre hadde venner, utan at det ville vore ein klisjé.

Ropstad seier at partiet har lidd eit stort tap, men at hans og partiet sine tankar går til familien til Lyngstad, kona Bente og døtrene Aurora og Rebekka.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk