Nyheter

KrF-Hareide vurderer å gå i Pride-parade i Oslo

Leiaren av svenske KrF, KD-leiar Ebba Busch Thor, bryt ein barriere: ho skal gå i Pride-parade i Stockholm.

Stockholm Pride, Sveriges største festival for lesbiske, ­homofile, bifile og transpersonar (LHBT), startar 25. juli og varer ei veke.

I år debuterer ein partileiar i Pride-paraden. Aldrig tidlegare har partitoppen i Kristdemokraterna (KD) gått i dette toget. Men i år skal KD-leiar Ebba Busch Thor gjere akkurat dét.

LES OGSÅ: Nedslaktingen av 49 mennesker på en klubb i ­Orlando i Flordia har økt det religiøse engasjementet for Oslo Pride

Stå opp for verdiar

Ho gjer det på grunn av nedslaktinga på nattklubben i Orlando sist helg – der 49 menneske blei skotne, og seier at ho deltek fordi alle menneske er like mykje verdt.

– Vi lever heilt klart i ei tid der grunnleggjande verdiar som fridom, likskap og likeverd blir utfordra. Hendinga i Orlando er endå eit prov på at desse verdiane ikkje er sjølvsagde. Eg vil gå i Pride-toget for å stå opp for desse verdiane, seier Ebba Busch Thor til den svenske avisa Dagen.

Får norsk støtte

Thors norske kollega, KrF-leiar Knut Arild Hareide, seier i ei tekstmelding til Vårt Land at han er glad for at Thor går i Pride-marsjen som ei støtte til LHBT-personar.

– Vi er alle berørt av tragedien i Orlando, og det er viktig å vise vår støtte slik Thor og mange, mange andre no gjer. Det er viktig at lesbiske og homofile merkar at dette er noko vi står opp mot saman, melder Hareide.

LES OGSÅ: Skytedramaet i Orlando føyer seg inn i rekken av hatkriminalitet rettet mot LHBT-personer.

Vurderer å gå

På spørsmål om KrF-leiaren sjølv skal delta i Pride-paraden i Oslo neste laurdag, svarar Hareides politiske rådgjevar, Jon Håkon Øen, dette til Vårt Land:

– Laurdag 25. juni har Hareide i utganspunktet andre gjeremål - men det er ikkje tatt noko endeleg avgjerd om deltaking i Pride. Det blir avgjort når Hareide er tilbake.

KrF-leiaren har farspermisjon fram til måndag.

LES OGSÅ: All religiøs motstand mot homofili kan ikke skjæres over én kam.

Handlingsplan

Fem dagar ut Oslo Pride legg barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) fram Solberg-regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

I Aftenposten oppmodar Horne alle til å «være med ut i gatene neste lørdag, spesielt personer fra innvandrermiljøene».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter