Nyheter

KrF etterlyser uterøyst mot bibelaksjon

Knut Arild Hareide ber regjeringa heve røysta mot menneskerettsbrot i Kina.

Kinesiske styresmakter har fjerna sal av biblar frå nettet. Tiltaket skal vere eit forsøk på å få kontroll over religionsutøvinga i landet. Aksjonen mot bibelsal kjem samstundes med at Vatikanet og Beijing forhandlar om ein historisk avtale om utnemning av katolske biskopar i Kina, melder nyhendebyrået AFP.

LES MEIR: Kina rangerer borgere

Uroleg

KrF-leiar Knut Arild Hareide tok opp bibelaksjonen med utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i Stortingets spørjetime onsdag:

– Korleis stiller Norge seg til den negative utviklinga når det gjeld trusfridom og menneskerettar generelt i Kina, og ser regjeringa det slik at Noreg har rom for å ta opp desse kritiske spørsmåla? Er det ikkje no på tide at Noreg våger å bruke utestemma i desse viktige verdispørsmåla? Noreg er ein nasjon som har løfta menneskerettar. Gjer me det no aktivt i den dialogen me har med Kina?

Hareide er uroleg for det han ser og høyrer om Norges tilnærming til Kina: Etter oppmjukinga som fann stad med avtalen frå 2016, brukar Solberg-regjeringa berre «innestemma når det gjeld menneskerettssituasjonen i Kina», sa Hareide i Stortinget.

– Og det skjer altså i ei tid der president Xi Jinping fører landet i ei meir autoritær retning med stadig strengare kontroll, og overvakinga av innbyggjarane blir sterkare, det blir mindre demokrati og mindre fridom.

«God dialog»

Kina fraus kontakten med Norge etter at Nobelkomiteen gav fredsprisen til den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo i 2010. Etter årelangt arbeid frå norske diplomatar kunne regjeringa leggje fram ei politisk felleserklæring hausten 2016.

Eriksen Søreide svarte Hareide med å peike på at begge land ønskjer «å opprette en god dialog». Den blågrøne utanriksministeren opplyste vidare at «da vi hadde den første runden av den nye årlige politiske konsultasjonsmekanismen i august i fjor, var menneskerettigheter et tema. Det ligger nå i denne konsultasjonsmekanismen at menneskerettigheter selvsagt også framover både kan og skal være et tema».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter