Nyheter

Krev slutt på info frå andre trussamfunn

Imam-son fekk brev frå Human-Etisk Forbund.

«Vi får mange klager fra våre medlemmer på den type forsøk. Nå er det min tur! Vi må rydde opp i dette!».

Det skreiv Senaid Kobilica, hovudimam ved den bosniske moskeen i Oslo, då han førre veke la ut på Facebook eit bilete av eit brev som sonen hadde fått i posten. Brevet var frå Human-Etisk Forbund (HEF), med informasjon om humanistisk konfirmasjon.

LES MER: Alle vil snakke til konfirmantane

Brukar folkeregisteret

Kvart år sender både HEF og Den norske kyrkja ut brev med informasjon til årets potensielle konfirmantar. Begge har søkt fått fullmakt til å hente ut informasjonen dei treng frå folkeregisteret.

– Human-Etisk Forbund oppfyller vilkåra i folkeregisterlova, og dette gjeld for alle registrerte trussamfunn i Norge. Det er eit vilkår at opplysningane må vere nødvendige for å kunne ivareta lovmessige rettar eller plikter, seier Anne Kirkhusmo i Skatteetaten til Vårt Land.

LES MER: Humanistisk og kristen konfirmasjon stadig likare

– Vårt ansvar å informere

Rådgjevar med ansvar for ungdomsspørsmål i Den norske kyrkja, Randi Langkaas, grunngir utsendinga av informasjonsbrev om konfirmasjon slik:

– Ungdom tek eit aktivt val når det gjeld om dei vil konfirmerast og kva slags konfirmasjon dei ynskjer. Målet med brosjyren er å gi grunnlag for dette valet, seier ho til Vårt Land.

Konfirmasjonsrådgjevar i HEF, Inger-Johanne Slaatta, meiner det er viktig at ungdom får denne informasjonen, uansett om dei skal konfirmere seg eller ikkje.

– Som 15-åring har ein sin første, lovmessige rett til å ta eit val når det gjeld religion og livssyn i Noreg. Då er det vårt ansvar å informere sakleg. Dette er informasjon, ikkje noko anna, seier ho.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Oppfattast som rekruttering

Kobilica tykte det var ubehageleg då sonen fekk brevet frå HEF i posten.

– Eg måtte snakke med kona og borna mine om det, og dei spurde kvifor vi fekk dette i posten. Då sa eg at eg skal ta det opp. Å sende slike brev er ikkje måten å gjere ting på, seier han til Vårt Land.

– Du skreiv at fleire medlemmar i moskeen også reagerer på same måten?

– Vi har fått fleire bekymringsmeldingar frå våre medlemmar. Mange som får slik informasjon, ser på det som veldig problematisk. Dei oppfattar det som at nokon prøver å rekruttere dei, forklarar han.

Får telefonar kvart år

Både HEF og kyrkja får tilbakemeldingar kvart år, frå foreldre som reagerer på at ungdomane deira får brev om konfirmasjon i posten. Det er Skattedirektoratet som handterar eventuelle klager frå foreldre. Ifølgje Slaatta i HEF er det foreløpig ingen som har fått medhald i ei slik klage.

– Både kyrkja og HEF er store aktørar i det å tilby ei konfirmasjonsordning for ungdom. Skattedirektoratet har tidlegare sagt at dei meiner vi har eit godt grunna behov for å dele ut slike opplysningar.

– Men forstår du at somme reagerer?

– Ja, og kanskje særleg for dei som opplever konfirmasjon som ein framand praksis, så kan eg forstå det, seier ho.

Også Langkaas i Kyrkjerådet forstår at det kan opplevast provoserande å få eit brev i posten frå eit trussamfunn ein ikkje er medlem av.

– Samtidig er det mange som har forståing for at ungdomane deira treng informasjon for å gjere eit informert val. Det er tydeleg merka på baksida av heftet kvar adressa er henta frå og at informasjonen sendast til alle som er fødde i det aktuelle året, fortel ho.

Vil ha dialog

Kobilica seier at han ikkje veit om det er fair at HEF og kyrkja sender ut informasjonsbrev om konfirmasjon, men håper på klarleik i situasjonen.

– Vi har ein god dialog med mellom andre HEF, så dette kan vi løyse gjennom våre møter med dei, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter