Krev milliarderstatning frå Tyskland
Namibia og Tanzania stiller Tyskland til ansvar. Landa krev enorme summar for nedslakting av folkegrupper.
Frå oktober i fjor til mai i år viste Tysklands Historiske museum i Berlin ei utstilling om Tysklands framferd som kolonisator i Namibia.
Markus Schreiber
Fortidas synder heimsøkjer Tysklands regjering og Riksdag. I åra fram til første verdskrig, var tyskarane herrar i to afrikanske land; både Tanzania og Namibia var koloniar.
I strevet med å kue herero- og namafolket i Namibia – etter eit opprør, drap tyske, militære styrkar mellom 85.000 og 110.000 menneske i perioden 1904-1908. Samstundes konfiskerte tyske kolonistar enorme landområde - land som i dag er eigd av kvite namibiarar.
Tyskland og Namibia har dei siste ti åra ført samtalar for å kome med ei felles fråsegn om massakrane. Nokre tyske embetsmenn har anerkjent at eit folkemord fann stad, men regjeringa til kanslar Angela Merkel har ikkje kome med ei offisiell fråsegn.
Bestill abonnement her
KJØP