Nyheter

Koranbrenninga har spreidd seg over heile verda. Oppfordrar til boikott

Filmsnuttar har spreidd seg rundt heile verda. På Twitter hyllar folk demonstranten som gikk til angrep og oppfordrar til boikott.

Koranbrenninga som føregjekk sist laurdag har skapt internasjonal merksemd. Det melder NRK.

Filmsnuttar frå hendinga har spreidd seg rundt heile verda på sosiale medium. Ei rekke twitter-brukarar, hovudsakleg frå muslimske majoritetsland, har reagert på hendinga i emneknaggar som #Norway og #Boycottnorway. Fleire føreslår å boikotte norske selskap som Telenor, eller å kutte all diplomatisk kontakt med Noreg. Her skal det også vere truslar retta mot dei ansvarlege bak hendinga.

Både russiske, pakistanske og tyrkiske nyheitsmedium har omtalt koranbrenninga. Blant dei er internasjonale Russia Today og AAJ i Pakistan.

Det tyrkiske utanriksdepartementet sende tysdag ut ei pressemelding kor dei fordømte koranbrenninga. Dei ber om at dei ansvarlege blir stilt for retten.

Operasjonsordre

Før hendinga på laurdag melde Filter Nyheter at politidirektør, Benedicte Bjørnland, hadde sendt ut ein såkalla operasjonsordre om korleis dei skal handtere hendingar kor demonstrantar seier dei skal brenne Koranen.

I ordren stod det at politiet skulle forsøke å hindre offentleg «skjending av Koranen» før det skjer, og gripe inn om det likevel skulle ende med at aktivistar set fyr på boka.

Eit viktig bakteppe for slutninga er ei trusselvurdering frå PST om at offentleg brenning av Koranen kan leie til alvorlege hemnangrep i Noreg. Det gjelder også mot andre mål som ikkje har noko med dei islamfiendtlege miljøa å gjere.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter