Kultur

Kongsberg kommune stoppa presteprosjekt

Prest i kommunestyre fekk gjennomslag for at Kongsberg skulle få landets første kommuneprest. Human-Etisk Forbund protesterte.

– Me var positive til at kommunen ønskte å styrkje prestetenesta i Kongsberg, seier leiar i Presteforeningen, Martin Enstad, til Vårt Land.

– Men me meiner at framfor å løyve pengar til slike presteprosjektstillingar, bør kommunar heller løyve meir pengar til fellesråda, slik at prestetenesta kan bli styrka ved at fellesrådet tilset prestar. Eventuelt at slike stillingar blir oppretta gjennom eit samarbeid mellom kommune og bispedøme.

Mangelen på prestar i Den norske kyrkja er no så akutt mange stadar at gudstenester og gravferder blir redda av pensjonerte prestar. Kyrkjerådet skal i år bruke ein million kroner på ein rekrutteringskampanje.

LES MEIR: Krever svar om omsorg

Spesialprestar

Flyplassprest, politiprest, sjukehusprest, fengselsprest, og feltprest. Ei lang rekkje institusjonar i Norge har eigne prestar i staben.

På Kongsberg ønskte fleirtalet i kommunestyret å gje innbyggjarane ein eigen kommuneprest – i tillegg til dei som arbeider i kommunens kyrkjer. Vedkommande ville blitt landets første i sitt slag.

– Det hadde vore flott om me hadde fått prøvd ut dette, for få andre yrkesgrupper har den kompetansen prestar har, meiner Just Salvesen, opphavsmannen til forslaget.

Han er sjølv er sokneprest i Den norske kyrkja i Kongsberg, og blei valt inn i kommunestyret som KrF-representant, men melder seg ut av KrF før jul etter at partileiar Knut Arild Hareides vegval mot venstre ikkje vann fram.

«Tvilsom»

Det var ei juridisk utgreiing, tinga av Human-Etisk Forbund (HEF), som avgjorde prosjektet. Etter å ha lese advokatrapporten snudde Framstegspartiet, og med det fall forslaget om ein eigen kommuneprest.

«Så langt jeg kan se vil stillingen «kommuneprest» være en nyskapning, i hvert fall i moderne tid», skriv advokat Steffen Brandstad i den juridiske utgreiinga han leverte til HEF.

Men hans konklusjonen er at nyskapinga er i strid med lovverket. «(...) temmelig klart at det ikke har avgjørende betydning for utøvelsen av arbeidet eller yrket i denne aktuelle stillingen at vedkommende har presteutdannelse», skriv advokaten og seier vidare at krav om teologutdanning og kristen tru «klart diskriminere andre aktuelle søkere».

Brandstad oppsummerer med å skrive at ein kommuneprest vil «være ulovlig i forhold til det gjeldende regelverket.

HEF tinga utgreiinga etter at lokallaget på Kongsberg mobiliserte mot prestepunktet i budsjettavtalen.

Vegleiing

Lokalpolitikaren Just Salvesen peika særleg på éi stor utfordring i småbyen då han lanserte kommunepresten: Fleire unge gutar har avslutta livet den seinare tid, og fleire har prøvd å gjere det same.

Salvesen vann i november fram då fleirtalet i kommunestyret samla seg om 2019-budsjettet. Saman med Framstegspartiet, Senterpartiet, MDG, Raudt og Kongsberglista fekk han gjennomslag for eit treårig prøveprosjekt.

Dei seks partia gjekk inn for å tilsetje ein person som særleg skulle arbeide med «etisk, kulturell og religiøs veiledning», og særleg samarbeide med helsestasjonane, Fontenehuset, palliativ avdeling på sjukehuset. Medarbeidaren skulle også vere «samtalepartner på institusjonene.»

Og: Prosjektmedarbeidaren skulle ha jobbtittelen kommuneprest.

LES MEIR: Sjelesorg som fag og kunst

Nøytral

Men i det Norge gjekk i julemodus, gjekk Frp frå budsjettavtalens punkt om eigen prest. Partiet lente seg på advokatrapporten HEF leverte.

Då kommunestyret gjorde endeleg vedtak om 2019-budsjettet, blei dei seks partia, Frp inkludert, samde å opprette ein profesjonsnøytral stilling «som følger opp føringer fra Helsedirektoratet om å øke kommunens ansvar for “det hele mennesket”». Kongsberg ønskjer særleg å «styrke innsatsen innen psykisk helse, rusrelaterte utfordringer og livsmestring for barn og ungdom».

SV lanserte eit eige forslag, som ikkje vann fram: «Kommuneprest – det ansettes istedenfor en person med samme funksjon religionsnøytralt i samarbeid med Human-Etisk forbund.»

Vedtak

Sjølv om Just Salvesen ikkje fekk oppfylt ønskje om ein eigen kommunal prest, tilsett i kommunen, har han ikkje skrinlagt prosjektet heilt.

– Rådmannen kan gje midla som skal løyvast til den nye stillinga til Kirkens Bymisjon, som kan opprette ei eiga prestestilling som skal jobbe i kommunen. Slik kan me få ein kommuneprest.

– Er dette høgttenking frå di side, Salvesen?

– Nei, ikkje slik vedtaket er fatta. Og vedtaket seier heller ikkje at ein prest ikkje kan bli tilsett i stillinga me skal opprette, som skal arbeide med «det hele mennesket».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur