Kirke

Kjempar for lokalkyrkja

Vemund Atle Øiestad ynskjer å gjeve meir makt til lokalkyrkja.

Hvem skal styre Den norske kirke de neste fire årene? Frem til kirkevalget 8. og 9. september presenterer vi den øverste kandidaten på hver av listene til bispedømmeråd og kirkemøte.

Navn: Karl Johan Kirkebø

Alder: 69 år

Liste: Nominasjonskomiteen

Bispedømme: Bjørgvin bispedømme

– Når alle som arbeider saman i kyrkja skal få same arbeidsgjevar, er det viktig at dei ulike arbeidstakarane kjenner seg trygge i dei nye ordningane, seier Vemund Atle Øiestad, topplistekandidat for Nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin bispedøme.

Vemund Atle Øiestad er 71 år og har vore enkemann sidan 2009. Han har vore tannlege og hobbybonde, dei siste tre åra som pensjonist.

Øiestad har vore medlem i kyrkja sidan dåpen og har vore medlem i soknerådet i 18 år, ni av dei som leiar. Han har også leiarerfaring fra fellesråd og prostiråd.

– Eg har vore aktiv i heimekyrkja med 18 år som medlem i sokneråd og fellesråd. Ved valet for fire år sidan var eg medlem i Åpen folkekirke, og vart vald inn i Bispedømerådet og Kyrkjemøtet på lista til Nominasjonskomiteen. På Kyrkjemøtet i 2018 røysta eg for valordninga med framleis å ha nominasjons-­komité med forankring i dei lokale sokna, og no er eg utmeld av ÅF.

LES MER: Den store guiden til kirkevalget

Prioritere lokalkyrkja

– Kvifor vel du å stå på liste?

– Eg sa ja då eg vart spurd om å stå på lista til Nominasjonskomiteen. Kyrkja si tru er viktig for meg, og eg ynskjer å vere med å sikre gode vilkår for sokna når Kyrkjemøtet skal utarbeide og vedta ny kyrkjeordning.

– Kvifor skal folk røyste på deg?

– Fordi eg vil prioritere lokalkyrkja. Eg vi ikkje ha ei sentralstyrt partikyrkje, men sikre rolla til soknet i kyrkjedemokratiet. Derfor er det viktig at vi får ei kyrkjeordning som prioriterer ressursar til den lokale kyrkja. Det er der menneska kan møtast i alle situasjonar i livet. Eg er for ei open og inkluderande kyrkje som er slik Jesus sa om sin fars hus: «I min fars hus er det rom for alle».

Møteplass

– Kva meiner du er dei viktigaste ufordringane til kyrkja i dag?

– Den største utfordringa er at fleire foreldre døyper borna sine og at medlemmene blir verande i kyrkja. Det kan òg bli krevjande for det nye Kyrkjemøtet som skal vedta ny Kyrkjeordning.

Les mer om mer disse temaene:

Mattis C. O. Vaaland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke