Nyheter

Kina kravde at Danmark fjerna Taiwan frå pandakart

Danmark har fått to låne pandaar frå Kina. Dyrehagen i København redigerte difor Taiwan vekk frå kart.

– Kinesarane gjorde oss merksame på at dei ser på Taiwan som ein del av Kina, opplyser Københavns Zoo.

Kinesisk press fekk dyrehagen til å endre kartet som viser kvar pandabjørnane lever.

Kina stiller harde krav til land som vil vere deira vener. Tett opp under jul i 2016 kunne statsminister Erna Solberg (H) endeleg kunngjere at Norge kom til å bli plukka opp av fryseboksen - der nasjonen hadde lege sidan Nobelkomiteen gav fredsprisen for 2010 til den fengsla kinesiske dissidenten Liu Xiaobo.

I ein avtale lova Norge at norske myndigheiter fullt ut må anerkjenne Kinas sosiale system, og at Norge plikter å «legge stor vekt på Kinas hovedinteresser og viktigste bekymringer og ikke skal støtte handlinger som underminerer disse interessene». Norge skal også «gjøre sitt beste for å unngå fremtidig skade på det bilaterale forholdet».

LES MEIR: Dystert i Kina 30 år etter massakre

Symbol på venskap

Året etter at Solberg-regjeringa signerte Kina-avtalen, reiste Danmarks dåverande statsminister, Lars Løkke Rasmussen, på statsbesøk til Kina. Under opphaldet signerte han ein avtale med Chengdu Research Base of Giant Panda Breeding om å få låne to pandaar. Rasmusen måtte love å byggje ei eiga pandaavdeling i dyreparken i København som kunne huse eit avlspar.

Å få låne ein panda av Kina er eit diplomatisk symbol på at landet verkeleg er lukka inn i den politiske varmen i Beijing.

Heimen til Mao Sun og Xing Er, som pandaane i København heiter, stod ferdig i vår og blei innvia av sjølvaste dronning Margrethe. Anlegget kosta 160 millionar danske kroner.

Kartkontroll før opning

Men kinesarane hadde ikkje berre krav til husly. Dei stilte også harde krav til presentasjonen av pandaane, avslører danske Radio24syv.

I mars, kort tid før opning, kom nemleg ein kinesisk delegasjon til København Zoo for å sjekke at alt var i orden. Det var det slett ikkje. Kinesarane reagerte særleg sterkt på verdskartet dyrehagen hadde sett opp ved pandaanlegget. Det viste nemleg at Taiwan var ein eigen stat: «Karta over Kina og resten av verda ved pandaanlegget er mangelfullt», skreiv kontrollørane i eit brev til dyreparken etter besøket, og kravde endringar før opninga fann stad.

Upolitisk dyrepark

København Zoo blei gjort tydeleg merksam på at Taiwan er ein del av Kina - og ingen eigen nasjon. Då dyreparken konfererte med Danmarks utanriksdepartement, fekk dei til svar at Danmark ikkje anerkjenner Taiwan som ein sjølvstendig nasjon.

Løysinga blei difor å endre verdskartet; vekk med Taiwan.

På spørsmål frå avisa Berlingske om ikkje kartendringa er eit knefall for Kina, svarar vitskapleg direktør Bengt Holst i København Zoo bestemt nei:

– På ingen måte. Vi fann berre ei løysing som me meiner er betre, for å styre unna å ta politisk stilling.

LES MEIR: – Norge er nå blant landene med varmest forhold til Beijing

Straffa Danmark

Dei to pandaane i København Zoo kom til Danmark som følgje av at landet bøygde av – og ba om god ver etter det som skjedde i 2009.

Då tok statsminister Lars Løkke Rasmussen imot Tibets andelege leiar Dalai Lama - i Danmark. Kina tok kontrollen med Tibet i 1950, og straffar alle land som har offisielle møter med Dalai Lama. Difor nekta Solberg-regjeringa å møte han under eit Norges-besøk i 2014.

Bøygde av

Fordi Rasmussen møtte Dalai Lama i 2009, blei Danmark putta i Kinas fryseboks, og fleire danske verksemder fekk ikkje selje varer til landet. Først då Folketinget vedtok ei såkalla verbalnote, byrja Kina å tø opp. Her sa Folketinget at Danmark ikkje støttar Tibets ønskje om sjølvstende, og at Danmark anerkjenner Kinas territorielle rettar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter