Klima

KFUK-KFUM byggjer klimafolkehøgskule

KFUK-KFUM vil etablere ein kristen klimahøgskule på Svalbard. – Dette er heilt i tråd med vårt kristne samfunnsetiske engasjement, seier Øystein Magelssen, generalsekretær i organisasjonen.

Mens staten vil redusere ­
koldrifta på Svalbard, vil KFUK-KFUM setje heilt andre avtrykk i det sårbare polare landskapet. Svalbard folkehøgskule skal 
ha ein tydeleg arktisk profil og ein visjon om å fremje eit berekraftig samfunnsengasjement blant unge, står det å lese i prosjektrapporten som Svalbard Folkehøgskule AS har fått utarbeidd. Initiativtakarane er
ei gruppe privatpersonar frå Svalbard ­saman med KFUK-KFUM, som no går inn som majoritetseigar med 66 prosent av aksjane.

– Vi vil formidle klima­engasjement og gode verdiar for unge menneske der klimakampen verkeleg utspeler seg, med linjetilbod som ein ikkje vil finne nokon annan stad og som er heilt i tråd med vårt kristne samfunnsetiske engasjement, seier KFUK-KFUMs generalsekretær, Øystein Magelssen.

Faginnhaldet skal gå rett inn i dei største spørsmåla menneskja står overfor i vår tid, og plasseringa i Longyearbyen gir nærleik til den beste kompetansen på området.

LES OGSÅ: Kritiserer folkehøyskolekutt

Sårbart

Skulen er planlagt å ta inn vel 100 studentar og 25–30 tilsette, som i sum vil utgjere om lag 10 prosent av folketalet på Svalbard.

– Det er ei stor auking i eit sårbart område?

– Ja, men folkehøgskulen er ei verksemd som vil sette eit ­mykje mindre klimaavtrykk enn til ­dømes den industrien som finst på Svalbard i dag. Staten har heldt gruvedrifta oppe for å sikre­ busettinga, som er strategisk viktig for Noreg, mellom anna av sikkerheitsmessige grunnar, seier Magelssen.

Han meiner skulen vil vere eit lønnsamt og meir klimavenleg alternativ til å oppretthalde eit livskraftig samfunn på Svalbard.

– Det er også grunnen til at det no er sterk tverrpolitisk interesse no for å la folkehøgskulelova gjelde også for Svalbard.

Eit forslag om lovendring vart fremja i Stortinget i februar 2016, og er no sendt ut på høyring med høyringsfrist i desember.

– Vi har fått tydelege signal frå Kunnskapsdepartementet om at dette er ei ønskt endring, og vi er ganske trygge på at det går i orden.

LES OGSÅ: Svalbard kirke vil ikke inn i Den norske kirke

Lokal forankring

Med ei sterk forankring i lokalsamfunnet vil skulen dra nytte av kompetansen innanfor klima- og miljø­forskinga ved Universitetssenteret (UNIS), miljø som arbeider med berekraftig turisme og jakt- og fangstmiljøa i lokalsamfunnet.

– Vi er også heilt avhengige av lokalt eigarskap for å kunne dra nytte av lokal kompetanse og lokalt engasjement, derfor vil representantar for lokalsamfunnet på Svalbard vere medeigarar i verksemda, fortel han.

Dei har også eit nært samarbeid med UNIS for å ta riktige naturvernmessige omsyn i desse sårbare områda.

– Men kva får lokalsamfunnet ut av dette?

– I dag er det slik at dei fleste unge på Svalbard reiser ut anten etter dei har fullført ungdomsskule eller vidaregåande, så dei som bur der er anten barn eller vaksne over 30 år. Etableringa av ein folkehøgskule vil føre til ei tilstrøyming av ei gruppe unge vaksne som er sakna i dag.

Han trur også at eit så stort verdibasert og rusfritt miljø som ein KFUK-KFUM-folkehøgskule vil tiltrekke seg, vil verke positivt på dei sosiale utfordringane som finst blant unge på Svalbard i dag.

LES OGSÅ: KFUK-KFUM starter kulturskoler

Vegen vidare

– Det viktigaste for oss er at vi kan bygge opne, trygge fellesskap for unge menneske på nye område, og gi dei moglegheit til å kombinere eit trusbasert miljøengasjement med fantastiske naturopplevingar, seier Magelssen.

Han har tru på byggjestart neste haust.

– Det er framleis mange ­avgjerder som skal landast, men ambisjonen er å opne for undervisning hausten 2019.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima