Nyheter

Katolsk skule først i barnetoget

St. Sunniva skule feirar 150 år i år, og fekk dermed gå aller først i barnetoget i hovudstaden 17. mai.

Bilde 1 av 9

– Det var heilt fantastisk. Det var ei utruleg kjensle å berre sjå hestane framfor oss, fortel fungerende rektor ved St. Sunniva, Kjersti Rehn Johansen.

Ifølgje henne var det 400 elevar frå skulen som var med i årets tog.

– Dei kosar seg. Dette har vi sett fram til lenge.

Handel ved slottet

Toget starta ved Akershus festning klokka 10 om morgonen søndag. Vidare gjekk det til Karl Johans gate, forbi Stortinget, til Slottet, og ned til Rådhusplassen. Aller først i toget gjekk St. Sunnivas faneberarar. Ein av dei er sjuandeklassingen Michael T. Lartey-Adjei.

– Korleis var det å gå heilt fremst?

– Det var veldig kult. Det er ekstra spesielt når vi få gå først forbi stortingspresidenten og kongen, seier han.

Men då dei kom til slottet, ville faneberar nummer to, Hedvig Topnes Hauge, gjerne bere fanen åleine forbi dei kongelege.

– Vi diskuterte det litt, og så sa eg at det var greitt. Ho ga meg litt pengar for det, fortel Michael.

Fest i rådhuset

Inne på Rådhuset var det duka for storfest for St. Sunniva og to andre Oslo-skular som også feirar jubileum i år – Oslo Montessori skule og Bogstad skule. Pølser, kaker og is står klare for elevane som strøymer inn i den store hallen.

– Det er veldig kult å få kome hit, seier Michael, som no har fått lagt frå seg fanen.

– Har du sett ballongane i taket?

– Ballongar?! Det må eg få med meg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

3.000 ballongar

Opp under taket inne i rådhuset heng det 3.000 ballongar. Festens finale er når ballongane blir sleppt fri. Hedvig gler seg.

– Ballongar blir gøy. Men det kan nok bli litt bråkete, trur ho.

Etter alle store og små har fått i seg pølser (det er to til kvar) og det som elles høyrer til på 17. mai, kjem ein einsleg ballong dalande frå taket. Til skrik og hyl frå dei minste. Etter fleire prøvenedteljingar, tek ordførar Fabian Stang ordet. Det tek ei stund før han greier fange merksemda til alle.

– Alle saman! Ti, ni, åtte...

Rett før ballongsleppet har fleire av borna utstyrt seg med tannpirkarar frå kakebordet. Mange hoppar opp på borda då ballongane endeleg kjem dalande, klare for å sprekke så mange som mogleg. Det gjallar i veggane.

LES OGSÅ: Splittet i to 17. mai-tog

Gammal elev

Ein av dei som held seg på bakken, er byrådsleiar Stian Berger Røsland (H). Han har tidlegare vore elev ved St. Sunniva skule.

– Korleis var det å sjå din gamle skule fremst i toget?

– Det var veldig hyggeleg. Samtidig får det meg til å tenke på at tida flyr, for eg gjekk på skulen då den feire 125 års jubileum, seier han.

Røsland hugsar det var spanande å gå på St. Sunniva.

– Eg fekk møte folk frå heile Oslo, og frå heile verda. Før var halvparten av elevane katolikkar. Resten var muslimar, hinduistar og jødar. Mange føretrakk St. Sunniva framfor verdinøytrale skular, fortel han.

Byrådsleiaren tykkjer St. Sunniva er ein viktig skule for Oslo.

– Den er eit godt døme på eit supplement til den offentlege skulen, der ein klarar å ha eit religiøst liv på skulen.

LES OGSÅ: Tusenvis stiller opp på dugnad 17. mai

Fest på skulen

Etter festen på Rådhuset, fer St. Sunniva-elevane tilbake til skulen. Der skal det feirast meir.

– Foreldre til sjetteklassingane har ansvar for arrangementet der, og vi skal ha fleire innslag, fortel rektor Rehn Johansen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter