Nyheter

Katolikkane snudde

Færre kallar seg kristne i USA, fleire seier dei ikkje har ei tru. Tysdag samla fleirtalet av kristne seg rundt Donald Trump. Dei utan ei tru ville ha Hillary Clinton.

Slik røysta dei som har ei tru, fortel Pew Research Center etter analyser av valdagsmålingar:

• Kvite evangelikale kristne: 81 prosent stemte på Donald Trump, 16 prosent på Hillary Clinton.

• Protestantar og andre kristne: 58 prosent på Trump, 39 på Clinton.

• Katolikkar: 52 prosent på Trump, 45 på Clinton. Når Pew deler opp gruppa i «kvite katolikkar» og «hispanics katolikkar», viser tala at dei kvite gjekk for Trump medan hispanics gjekk for Clinton. Men samla står fleirtalet bak Trump.

LES MEIR Han teiknar Trump

Refsar hyklarar

– Vi har aldri sett eit slikt religiøst hykleri som vi såg i dette valet, med eit fleirtal av kvite kristne som stemte på ein mann som Donald Trump.

Refsen kjem i ei kunngjering frå den kjende presten, forfattaren og kyrkjeleiaren Jim Wallis, som før presidentvalet kom med følgjande åtvaring til amerikanske kristne:

– Trump har ei anti-etisk haldning til alle kristne verdiar. Det er pinleg at han samlar brei støtte frå kristne.

President Barack Obama har brukt Jim Wallis som åndeleg rådgjevar i Det kvite hus.

Færre kristne

Fleire politiske og religiøse trendar kulminerte tysdag med at eit fleirtal av kristne i USA – for første gong på fleire val – samla seg om det republikanske partiet og valde Donald Trump til USAs neste president:

• Talet på kristne er på retur i USA – ned frå 78,4 prosent i 2007 til 70,6 prosent i 2014. Fråfallet er sterkast blant protestantar og katolikkar.

• Talet på amerikanarar som seier dei ikkje har ei tru, stig markant – opp frå 16,1 prosent i 2007 til 22,8 prosent i 2014.

• Blant amerikanarar som stemmer på Det demokratiske partiet, er det stadig fleire som definerer seg som «liberale», medan gruppa som er «konservative» krympar – i 2000 var 27 prosent liberale og 23 prosent konservative, 15 år seinare er snart kvar andre demokrat, 42 prosent, «liberale» medan 17 prosent er «konservative».

Tala kjem frå Pew Research Center, eit av USAs fremste forskingsinstituttet som arbeider med politikk og religion.

Den demokratiske valtaparen Hillary Clinton fekk absolutt størst oppslutning i gruppa som seier dei ikkje har ei tru – og lågast oppslutning i gruppa «protestantar og andre kristne»,

For liberalt

Då Barack Obama blei valt til president i 2008 og i 2012, hadde han eit fleirtal av amerikanske katolikkar i ryggen – og eit fleirtal av dei andre kristne mot seg.

Tysdag blei dette bilete kraftig endra: Også fleirtalet av amerikanske katolikkar stilte seg bak republikanaren Donald Trump.

– Trumps oppslutning blant amerikanske katolikkar i dette valet kan truleg vis ikkje forklarast med Trump sjølv, men med dårleg behandling av Obama-administrasjonen og progressive elitar, skriv kommentatoren Alexandra Descantis i magasinet National Review. Ho peikar på at mange amerikanske katolikkar har prøvd å støtte demokratiske kandidatar, men at president Obama og progressive krefter har «drege ting for langt»; abort, likekjønna ekteskap, seksuell reproduktiv helse.

LES MEIR Mannen med atomknappen

Val av toalett

Richard W. Painter er ei liberal røyst i eit konservativt parti. Jussprofessoren frå University of Minnesota var etikkadvokat i Det kvite hus under president George W. Bush jr.

I New York Times skriv han at Hillary Clinton fekk hans stemme tysdag, trass i at han er republikanar. Som Wallis refsar han konservative kristne:

– Det faktum at religiøst konservative støtta herr Trump med så mange stemmer viser kor desperate dei er. Mange veljarar - meg sjølv inkludert - går jamleg i kyrkja, men har inga interesse i å bruke regjeringa for å nekte homofile og lesbiske sivile rettar, få kontroll med kvinners helseval, eller fortelje folk kvar dei skal gå på do. Dei som vonar å få jobb i Trumps administrasjon vil bli skuffa; han har allereie sagt at folk kan bruke kva bad dei vil i Trump Tower.

Kjønn

Sett frå Norge meiner førsteamanuensis Merete Thomassen ved Det praktisk-teologiske seminar at Hillary Clintons manglande grep om mange kristne i USA langt på veg kan forklarast med eitt ord:

– Kjønn. Mange kunne godta ein kvinneleg president, men Clinton var ikkje den rette kandidaten. Dei første kvinnene er gjerne ikkje det.

For få

Thomassen forklarar den sterke oppslutninga om Trump blant konservative kristne med ønskje om «den sterke mann» – som ho meiner gjorde abort til kampsak av taktiske grunnar.

– Liberale kristne i USA er gjerne godt utdanna middelklasse. Ved dette valet blei desse ei lita veljargruppe.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter