Nyheter

Kari Veiteberg planlegg å vere biskop i sju år

Oslo-biskopen kan tenkje seg å vende tilbake til gata.

Den norske kyrkjas sjefbiskop, Helga Haugland Byfuglien, varsla for vel tre veker sidan at ho går av over nyttår.

Etter 14 år som biskop – dei siste åtte åra som preses – held Byfuglien avskilsgudstenesta 26. januar i Nidaros domkyrkje. I juni blir ho 70 år.

No varslar biskopen i Oslo, Kari Veiteberg, at ho ikkje har tenkt å vere biskop heile yrkeslivet:

– Eg tenkjer at rundt sju år er fint, seier Veiteberg til magasinet Vi over 60.

LES MEIR: Veiteberg: – Folk kan fortsatt få håp, mot og mindre frykt

Blei biskop i 2017

Veiteberg, som er 58 år, blei biskop i Oslo i desember 2017. Ho har planar for kva ho kan tenkje seg å gjere etter at åra som biskop er over.

– Eg vil gjerne ha ein jobb etter dette, og det kan vere på ein institusjon, eller på gata.

Før ho blei biskop i Oslo var Veiteberg bymisjonsprest i Kirkens Bymisjon i Oslo.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter