Nyheter

Kan vere slutten på lang, kald krig

Dei bitre fiendane Eritrea og Etiopia har på kort tid blitt venlege mot kvarandre. - At eit slikt møte skulle komme så raskt, er overraskande, seier professor Kjetil Tronvoll.

Søndag gjekk Etiopia sin statsminister Abiy Ahmed ned flytrappa og møtte Eritrea sin president Isaias Afwerki i ein stor klem. Møtet i Asmara i Eritrea er første gongen dei to nabolanda har hatt diplomatisk kontakt sidan ei fredsforhandling i 2000 ikkje førte nokon veg. Formelt har nabolanda vore i krig med kvarandre sidan 1998.

– Dette er overraskande. Det er nokre månader sidan vi kunne sjå at det nærma seg ei fredsavtale, men at eit slikt møte skulle komme så raskt er overraskande, seier Kjetil Tronvoll, professor på Bjørknes høyskole.

Han har følgd konflikten i lang tid og gitt ut bøker om både Etiopia og Eritrea. Han meiner dette møtet gir grunn til å vere optimistisk for ei normalisering av forholdet mellom nabolanda.

LES MEIR: Stort håp til Etiopias nye leiar

Stort steg

På møtet mellom statsleiarane i helga, vart dei einige om at det no skal opprettast flyruter mellom landa og Etiopia kan bruke Eritrea sine hamner. Folk kan krysse grensene, og landa skal opne ambassadar hjå kvarandre.

– Vi skal rive ned veggen, og med kjærleik, byggje ei bru mellom dei to landa, sa den etiopiske statsministeren Abiy Ahmed på ein offentleg middag etter møtet på søndag.

– Møtet vil setje tonen for raske, positive endringar basert på respekt for suvereniteten, uttalte Eritrea sin informasjonsminister Yemane Gebremeskel på Twitter, tidlegare på dagen.

– At dei har blitt einige om desse fire punkta alt på første møtet er eit stort steg mot normalisering. Det er positive og konkrete saker som kan implementerast innan få veker, seier Tronvoll.

LES MEIR: Etiopisk ungdom forventar jobbar

Regimeskifte

Det var for éin månad sidan at den ferske etiopiske statsministeren kunngjorde at Etiopia vil godta fredsavtala mellom landa frå 2000, som den gongen vart forkasta av Etiopia. Denne handsutrekkinga har altså ført til raske endringar i forholdet mellom naboane.

Den plutselige endringa frå Etiopia kan forklarast med regimeskiftet i regjeringspartiet i april. Etter at Oromo-folket sine protestar mot regjeringa hadde skapt fleire unntakstilstander i landet dei siste to åra, valte statsminister Hailemariam Desalegn å trekke seg. Abiy Ahmed, ein 42 år gamal akademikar frå nettopp Oromo-folket, kom til makta med lovnader om å stoppe protestane.

– At Eritrea no sa ja til invitasjonen frå Etiopia, kan kome av at Abiy er ein statsminister som ikkje lenger representerer den gamle politiske eliten. Han har signalisert eit stort internt maktskifte, og då kunne Eritrea akseptere den utstrakte handa, seier professoren.

LES MEIR: Ber Norge utfordre Etiopia

Bråk heime

Når forholdet mellom dei to landa ser ut til å bli betre, gir det nye innanrikspolitiske utfordringar i begge landa. For Eritrea sin president Isaias Afwerki kan det bli vanskeleg å halde på makta, dersom Etiopia ikkje lenger skal vere landet sin hovudfiende, meiner Tronvoll.

– Dersom han løyser opp krigsmobiliseringa mot Etiopia, har han ikkje lenger grunnlag for militariseringa av landet. Han treng militarisering for å forsvare sitt styre, seier han.

For Etiopia blir den store utfordringa å handtere alle dei interne etniske konfliktane som nyleg har kome til overflata. Regjeringa har dei siste månadane vist vilje til å mjuke opp regimet, som lenge har vore skildra som undertrykkande. Men det kan ha ført til at fleire mindre, etniske konfliktar har blitt synlege.

– Vi ser at nye spenningar rører seg. Dersom Abiy ikkje klarer å handtere alle desse utfordingane kan det sjå mørkt ut for han også, seier Etiopia-eksperten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter