Nyheter

Kampen for eit kristeleg dagblad

I all løynd, i skuggen av verdskrigen, samlar 42 menn seg om éin idé. Gje landet ei kristen dagsavis med sete i Oslo, som skulle samle kristenfolket. Men så blir det strid.

Andre verdskrig er inn i sitt femte år når teologen og journalisten Einar Kvale postlegg 50 brev på Posthuset i Oslo. Brevet er ei innbyding til eit møte 10. oktober 1944 for å «drøfte den gamle tanken om et kristelig dagblad i Oslo». Mottakarane er alle menn i framskotne posisjonar i kyrkje og kristenliv.

Innbydinga er signert fem menn. Tre generalsekretærar – i Søndagsskuleforbundet, Kinamisjonsforbundet (dagens Misjonsambandet) og Indremisjonsselskapet (dagens Normisjon) - samt to kjende kristne forretningsmenn som var gjengangarar i styra til dei tre mektige organisasjonane. Sjette signatar var bodberaren sjølv, Einar Kvale, den sentrale tilretteleggjaren.

Hemmeleg møte

42 menn møter opp og seier ja til at Norge skal få eit kristeleg dagblad, på evengelisk-luthersk grunn, der «det kristne livssyn skal gjøres gjeldene i dagens aktuelle spørsmål». Avisa skal trykkje «dagsnytt fra inn- og utland» og skal halde lesarane «godt underrettet om det kristelige liv og virke». På møtet blir det også valt eit mellombels styre.

Allereie denne kvelden kjem striden til syne. Skal avisa berre vere for «det gammeltroende kristenfolk», eller skal ein prøve å femne vidare? Kritikarar krev at avisa må få ein breiare basis enn dei grupperingane som dei 50 innbydde representerer.

VG blir til

Medan krigen framleis rasar, entrar forfattaren - og relativt nyomvendte – Ronald Fangen manesjen. Med ein plan om å lage ein kristeleg konkurrent til Aftenposten. Difor var Fangens avisplanar langt meir kostbare enn organisasjons- og kyrkjefolkets. Ei tid sonderer krinsen rundt Fangen å gå i allianse med heimefrontkrinsar for å skaffe kapital, men dette strandar fordi heimefrontleiarar ikkje ønskjer ei så kristen dagsavis som ho Fangen planlegg.


Forfattaren Ronald Fangen fekk avgjerande innverknad på planlegginga av Vårt Land.

Difor får Norge ei ny dagsavis vel to månader før nye kristelege dagbladet kjem ut. 23. juni 1945 blir Verdens Gang bydd fram for sal. Namnet plukkar dei opp frå ei avis som gjekk konkurs i 1923.

Utover i 1945 arbeider Einar Kvale på heiltid med å byggje organisasjonen og samle kapitalen som skal til for å realisere avisplanen. Like viktig er arbeidet med å utvide krinsen av folk som støttar avisarbeidet; for kyrkjeleiarar må med, akkurat som såkalla vanlege arbeidarar. Det er viktig å samle støtte frå både «troende» og «kirkelig og kristelig interesserte».

Stormfullt samarbeid

Seinhausten 1944 kjem tre at avisinitiativtakarane til Dusgård ved Mjøsa. Her bur Ronald Fangen. Møtet blir starten på eit stormfullt samarbeid. Fangen ønskjer å forme avisa etter planane han måtte skrinleggje.

I avisstyret vil ein gjerne ha med Fangen, men fann det vanskeleg fordi dei oppfatta at Fangen stiller harde vilkår: Avisa skal tuftast på hans vyer. Særleg er det Fangens heller liberale kultursyn som valdar problem, særleg hans ønskjer å om omtale og melde teater og kino.

Vinn dragkampen

Inn i siste krigsår får avisa eit råd på 25 medlemmer frå så å seie heile det kyrkjelege kartet, frå organisasjonshøvdingar som Ludvig Hope og Hans Edvard Wisløff til biskop Henrik Hille - og eit par av Fangens nære vener. Men når det skal etablerast ein redaksjonskomité, blir det konfrontasjonar mellom sterke fløyar.

Ronald Fangen vinn dragkampen, og får avgjerande innverknad på retningslinene for avisa som blir meisla ut. Avisa skal bli eit landsorgan, ha nyhende frå inn- og utland, og vere eit organ for sakleg kyrkjedebatt – og ikkje eit «kamporgan mellom kirkelige og kristelige retninger». Avisa skal også vere upolitisk.

Namnet blir valt

Men kva skal ho heite?

Avisrådet har mange alternativ på bordet, for folk har verkeleg respondert på oppmodinga om å levere inn namn - over 40 i talet. I finalen står det om tre, Herolden, Ny Tid - og Vårt Land. Namnet er plukka opp frå ei illegal krigsavis.

På oppløpssida mot første utgjevingsdag, dukkar eit gammalt problem opp: Forholdet til avisa Dagen i Bergen, som blei etablert i 1919. Lekmannshøvdingen Ludvig Hope, tidlegare generalsekretær i Kinamisjonsforbundet, ivrar våren 1945 for full samanslåing med Dagen.

Styret i avisa går for dei opphavlege planane; ei sjølvstendig avis - og byrjar å finne dei som skal fylle leiarrollene. Raskt blir det klart at redaktøren må bli Bjarne Høye, redaksjonssekretær i Dagen – og omvendt gjennom Oxford-rørsla; akkurat som Ronald Fangen.

I arbeidet med leiarkabalen surnar forholdet mellom styret og Fangen kraftig. Dei refsar han for å vere stri og «vankelmodig». Fangen svarar med å skrive eit bittert avskilsbrev til styret, på fredagsdagen 8. mai 1945.

Må vente, må vente

Fredsvåren og -sommaren arbeider den vesle staben i Vårt Land hektisk med å finne det nest viktigaste, eit trykkeri. Ventetida blir brukt til å skaffe redaksjonslokale, teknisk utstyr og medarbeidarar - samt verve abonnentar til den komande avisa.

I Vårt Land ser dei at dei andre Oslo-avisene går i store opplag - medan dei sjølve er langt unna aviskioskane. Likevel lagar redaksjonen stoff. Som ikkje kjem på trykk. Frustrasjonen er også stor hjå Ronald Fangen, som styret har invitert tilbake i varmen, som konsulent og frittståande journalist. Her må det opplysast: Fangen får ikkje leve lenge med avisa han er med og sjøset. Dagen etter Vårt Lands første generalforsamling, 22. mai 1946, døyr han i ein flystyrt. Fangen er på veg til eit møte i Stockholm.


31. august 1945 kjem første utgåve av Vårt Land.

Første avis kjem frå trykkeriet

Så, den siste dagen i august 1945, då er dagen der. Halv to på ettermiddagen kjem det første eksemplaret av Vårt Land ut av Morgenbladets rotasjonspresse i Oslo. Ei avis på 12 sider, i fullformat. Opplaget er på 14.000.

Éin draum er realisert.

LES MEIR:

Etter 2. verdEenskrig ble mye feid under teppet: – Norge skiller seg ut

Åpner kirkerommet for andre livssyn i krisetider

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter