Nyheter

Kamp om små barnehagar

Det blir kamp om pengar til dei små private barnehagane, slik at dei kan oppfylle bemanningsnorma, når KrF set seg til forhandlingsbordet med regjeringspartia.

– Vi skal forhandle budsjett neste veke, og dette vil vere eit hovudkrav frå oss, seier stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF).

Då regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett denne veka, hadde dei ikkje lagt inn noko ­finansiering for barne­hagar som må tilsette fleire etter ny bemanningsnorm. Det er serleg dei små ideelle barnehagane som vert ramma med den nye norma.

Kniven på strupen

Den nye bemanningsnorma skal bli vedtatt i Stortinget i slutten av mai. I forslaget om ny norm er det krav om at det skal være éin vaksen per tre barn under tre år, og éin vaksen per seks barn over tre år. Krav om fleire tilsette rammar dei små barnehagane spesielt hardt.

25. april sa Grøvan til Vårt Land at dei hadde kniven på strupen, og jobba på spreng for å komme til ei løysing i Stor­tinget. På tysdag skal utdannings- og forskings­komiteen på ­Stortinget legge fram si innstilling, før ­stortingsvedtaket.

– KrF har spelt inn til komiteen at den nye norma skal innførast 1. august i år, men at dei som treng det skal ha eit år på seg til å ­implementere norma, seier Grøvan.

Får underskot

Mange av dei små, ideelle barnehagane, vil ­likevel få store problem òg ­etter eitt år. Desse barnehagane etterlyser tilskot som gjer at dei kan gjennomføre det regjeringa vil pålegge dei.

– Det gir ei stor økonomisk ­utfordring, seier Per Johannes Helgebostad i Østenstad kyrkjelyd i Asker, som eig ein barnehage med 16 barn.

Bemanningsnorma betyr at dei må tilsetje ein ny person i barnehagen. Det er vanskeleg for ein liten kyrkjelydsbarnehage.

– Det betyr at vi må drive med underskot. Vi ønskjer jo ikkje å legge ned, så vi må prøve å ri han av, og håpe på at det skjer noko med tilskota, seier Helgebostad.

– Går ikkje

Barnehagar kan søke om dispensasjon frå bemanningskravet, dersom det er fare for at barnehagen må legge ned.

Dersom den nye bemanningsnorma trer i kraft 1. august, vil 75.000 barnehageplassar vere drive på dispensasjon, ifølge Arild Olsen, administrerande ­direktør i Private Barnehagers Landsforbund.

— Då er det i praksis ikkje ei innføring av bemanningsnorma, når halvparten av alle private barnehageplassar i landet ikkje skal følgje norma, seier Olsen.

Skal forhandle

Han ventar at resultatet blir eit ­innføringsår fram til 2019. Dersom KrF får budsjettgjennomslag for finansiering av bemanningsnorma, vil Olsen vere godt nøgd med utfallet.

Grøvan meiner dette er realistisk å få til i dei kommande budsjettforhandlingane.

– Regjeringa må komme med ein plan for å sikre ­økonomiske ordningar, slik at dei private og kommunane kan gjennom­føre den nye norma. Første fase kjem no i revidert nasjonal­budsjett. Regjeringa har ikkje lagt inn noko om dette sjølve, 
så vi ­håper vi arbeider for å få inn 
et start­beløp for 2018, seier ­­Grøvan.

Éi av mange

– Vi ser heilt klart utfordringane for dei små private barnehagane her, og eg håper vi kan få løyst det. Men no blir dette éi av mange saker vi skal forhandle om, så då får vi sjå kva vi får til, seier Henrik Asheim (H), som er leiar for finanskomiteen på Stortinget.

Kva dei kjem fram til, får vi ­
vite 8. juni, når budsjett­for­handlingane skal vere ferdige.

– Styrt avvikling

For Helgebostad i kyrkjelydsbarnehagen er det avgjerande at det kjem nye løyvingar saman med dei nye krava. Om det ikkje kjem pengar, ser han mørkt på dei neste åra.

– På sikt er dette ei styrt ­avvikling av små barnehagar. Vi må snu kvar stein, men no er vi så langt unna at eg veit ikkje om det går, seier Helgebostad.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter