Nyheter

– Eg er rysta.

Halle Jørn Hanssen er ein Afrika-veteran. Han var NRKs første korrespondent på det store kontinentet i fire år, så informasjonssjef i Norad og til sist generalsekretær i Norsk Folkehjelp, ein hjelpeorganisasjon med sterkt engasjement i Afrika sør for ­Sahara. Som pensjonist har Hanssen vore engasjert som rådgjevar i Sør-Sudan.

– Det er fullstendig grotesk. French var ein som leigde seg ut for pengar, og no skal han halde foredrag om dette i kulturhus i bygd og by.

Hanssen er opprørt over at Joshua French skal på turné. Frå oktober til februar skal French fylle kulturhus og andre scener med foredraget Dømt til døden. Første framsyning er utselt.