Nyheter

Jekka opp prestepensjon

– Ikkje ulovleg, men uheldig, seier statssekretær om at fleire
 prestar har fått fire ekstra lønstrinn på tampen av karrieren.

– Det er ikkje tvil om at ei slik lønsauke rett før pensjonering kostar staten og skattebetalarane skjorta, seier pensjons-­ekspert Alexandra Plahte.

– Umogleg å tenke seg at ein kateket går opp fire lønstrinn dei aller siste åra, seier generalsekretæren i Kyrkjeleg undervisningsforbund, Harald Skarsaune.

LES MER: Prester frykter pensjonstap

Stramma inn

I haust sendte Statens pensjonskasse bekymringsmelding til Oslo bispedømme med spørsmål om «det var vanlig praksis at arbeidsgiveren gav prestene inntil fire lønnstrinn mer i lønn like før de gikk av med rett til pensjon fra Pensjonskassen.»

Dersom dette var tilfelle, var praksisen svært uheldig, skreiv Pensjonskassen. Vårt Land kjenner til at Oslo bispedøme har ­endra praksis etter å ha motteke brevet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Slepp rekninga

Statssekretær Thor Kleppen Sættem i Arbeids- og sosialdepartementet seier at han ofte høyrer historier om ­liknande forhold.

– Dei offentlege tjenestepensjonsordningane tek utgangspunkt i sluttløna. Med andre ord kan arbeidsgjevar velje å vere storsinna overfor arbeidstakar, vel vitande om at rekninga blir sendt vidare til andre enn arbeidsgjevaren sjølv, seier statssekretæren frå Høgre.

LES MER: Utlendinger avverger norsk prestekrise

Skilnad i kyrkja

Leiaren for kateketane i kyrkja, som blant anna tek seg av konfirmasjonsundervisninga, stiller seg også spørjande til ordninga.

– Umiddelbart tenker eg at det ikkje er slik vi skal regulere pensjonen. Pensjonen skal så godt som mogleg avspegle den løna ein har hatt gjennom heile arbeidslivet, med større vekt på siste fase, men ikkje berre dei siste åra eller månane. Det finst sikkert mange måtar å manipulere dette på, blant anna ved å gi meir løn dei siste få åra. Det er ikkje heldig dersom ei gruppe i kyrkja har dette som praksis, seier Harald Skarsaune.

Han legg til at han ikkje kjenner detaljane i dette, og at prestars løn ikkje er noko kateketar er opptekne av.

– Men dersom det er tilfelle at fleire prestar får denne ordninga, så betyr det jo at forskjellen på livsløna mellom kateketar og prestar er større enn vi har visst om.

Spesielt

Pensjonsekspert ­Alexandra Plahte har ikkje høyrt om liknande ordningar.

– Det høyres spesielt ut dersom dette er ei generell ordning og særleg dersom intensjonen primært er å sørgje for å få ­høgare pensjon frå Pensjonskassen. Men dersom ordninga skal halde prestar lenger i jobb, stiller det seg litt annleis. På den andre side er jo pensjonsgevinsten i så fall sikra, uavhengig av kor lenge vedkommande faktisk står i stilling framover. Det er kjempekostbar for staten, seier pensjonseksperten.

Sikrar arbeidskraft

Blant eksempla der det gis ekstra lønstrinn er ordninga med seniorprestar, noko som skal motvirke den galopperande prestemangelen.

For Trond Arne Hauge (61), seniorprest i Asker, har den nye stillinga gjort at han kjem til å stå lenger i arbeidslivet.

– Eg hadde helseplager som sleit litt på meg. Samtidig hadde eg motivasjon for å vere i preste-tenesta, men kjente at ­enkelte oppgåver tok mykje energi. 
Sidan eg som seniorprest i større­ grad har oppgåver som engasjerer meg, så vil det gjere at eg kan jobbe lenger som prest, seier Hauge.

Han gjekk frå å vere kapellan til å bli senior. Det har gitt han arbeidsoppgåver som er meir retta mot kyrkjelege handlingar og færre administrative oppgåver.

– Du får totalt fire lønstrinn meir i denne jobben. Kor viktig har det vore?

– Det tenker eg lite på, for motivasjonen er å bidra som prest. Samtidig synes eg det er fint, og i den verda vi lever i så har løna sjølvsagt blitt viktig. Då er det fint at arbeidsgjevar legg forholda til rette slik at arbeidstakarar kan gå av med ein så god pensjon som mogleg, seier Hauge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter