Religion

Jan Hanvold: – Vi går imot førelegget

Jan Hanvold vil ikkje godta gebyret på 250.000 kroner frå Forbrukartilsynet.

«Nå er vi anklager for å ha solgt kosthold med aggresiv markedføring. Noe som ikke stemmer, å vi går imot dette forlegget på kr 250.000. Dette er tatt fullstendig ut av proposisjoner.»

Det skriv Jan Hanvold på si eiga Facebook-side.

– Villeiande og aggressiv marknadsføring

Tysdag vart det klart at Forbrukartilsynet gir Visjon TV og Webshop AS (Visjon) eit gebyr på 250.000 kroner, på grunn av ulovlig marknadsføring av kosttilskotet Chaga. Selskapet er eigd av den kristne TV-kanalen TV Visjon Norge.

– Vurderinga vår av saka er den same før: Visjon TV og Webshops marknadsføring av kosttilskotet Chaga er villeiande og aggressiv, sa Frode Elton Haug, juridisk direktør i Forbrukartilsynet til Vårt Land tysdag.

Chaga «styrker immunforsvar, er betennelses- og virushemmende. Viktig i disse tider!», heitte det i reklameannonsen som mellom anna låg ute på Facebook-sida til TV Visjon Norge. Annonsen leia til kanalens nettbutikk der produktet er til sals. Reklamen vart fjerna same veka som saka vart omtalt.

LES OGSÅ: Forbrukartilsynet gir Visjon Norge bot på 250.000 kroner

Klager på vedtaket

Visjon har tre veke på seg til å vurdere om dei vil klage inn vedtaket til Marknadsrådet. Facebook-innlegget til Hanvold onsdag tyder på at dei kjem til å klage inn vedtaket om gebyr.

Vårt Land har fleire gongar forsøkt å kome i kontakt med Jan Hanvold, utan hell.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion