Nyheter

Jaktar asyljuksarar i sosiale medium

«Få personar skal ha opphald med feil identitet eller på feil grunnlag», skriv Justisdepartementet. Jøran Kallmyr (Frp) trappar opp kampen for å finne dei som har juksa seg til opphald.

I budsjettproposisjonen for 2020 listar Justisdepartementet opp fleire tilfelle av at «personar prøver å misbruke asylinstituttet for å få opphald»:

Søkjer vern «idet dei blir pågripne for kriminelle handlingar».

Gjev medvite opp «feil informasjon for å få opphald».

Gjev «urette opplysningar om nasjonalitet og behovet for vern».

Opptrer med «éin eller fleire falske identitetar, eller at fleire deler same identitet».

Familieinnvandringsregelverket blir forsøkt misbrukt ved proformaekteskap, gjennom gjentakande innvandring og ved feil opplysningar om slektskap.

LES MEIR: Kallmyr skryt av at han koplar returavtalar med bistand

Kallmyr vil avdekkje asylmisbruk

Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr meiner det er viktig å avdekkje misbruk for å oppretthalde tilliten til lovgjevinga. Dermed legg han i budsjettarbeidet vekt på å få ned talet på «personar som oppheld seg i Noreg med feil identitet eller på feil grunnlag».

Difor er målet for identifiseringsarbeidet blitt endra i år, frå «raskare avklaring av identitet» til «få personar med opphald med feil identitet eller på feil grunnlag».

Finn informasjon om asylsøkjarar på Facebook

Departementet og med det statsråden skriv i budsjettproposisjonen at «urette opplysingar blir i mange tilfelle først oppdaga når personar allereie oppheld seg i Noreg og søker om fornya eller permanent opphaldsløyve».

I arbeidet med å avdekkje kva som er sant og usant, gjer utlendingsforvaltninga bruk av moderne teknologi - og sosiale medium: «Den teknologiske utviklinga og bruk av informasjon frå sosiale medium i saksbehandlinga har gjort det mogleg å avdekke at fleire personar kan ha fått løyve og statsborgarskap basert på feil opplysningar», opplyser JD og Kallmyr.

LES MEIR: Frp vil ha nye regler for kriminelle asylsøkere

Løyver ekstra pengar til utlendingsforvaltninga

Regelverket gjev i slike saker høve til å kalle tilbake opphaldsløyvet og å fatte vedtak om å vise personen ut av landet. «Ved utgangen av 2018 hadde UDI om lag 4.220 tilbakekallssaker til behandling. Dette er ein auke på om lag 600 ­saker samanlikna frå inngangen til året», melder departementet.

Neste år løyver Kallmyr 50 ekstra millionar til arbeidet med å byggje ned restansar «og sikre rettstryggleiken» i i saker om tilbakekall av statsborgarskap.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter