Nyheter

Jagar ut kolonikongens Kongo-spøkelse

Belgia har brukt nesten 750 millionar kroner på renovere landets enorme Afrika-museum. I bygget som blei reist med kongens blodpengar, skal museet no vise korleis Belgia plyndra Kongo.

Bilde 1 av 4

Han står der framleis i hallen, den belgiske misjonæren i gull, med eit barn på armen og den andre handa kvilande på skuldra til ein kongolesar. Under den gylne statuen står teksten:

«Belgia bringar sivilisasjon til Kongo.»

Gjenopna

Kongens utsending skal framleis stå i hallen i all sin prakt. Men den historiske konteksten han stod i skal bli forklart, fortel Guido Gryseels, direktør på Det kongelige sentralafrikanske museet, som gjenopna sundag, etter å ha vore stengt for revisjon og renovering i fem år. No heiter det Afrikamuseet.

Gryseels kontekst er mellom anna levert av den Kongo-fødde kunstnaren Aime Mpane Enkobo; Spirande Kongo er ein stor skulptur i tre, forma som eit hovud, montert på ei bronseplate. Opp av hovudet spirer ei palme.

I 23 år, frå 1885 til 1908, var Fristaten Kongo den belgiske kong Leopold IIs private koloni, og hans administratorar fór ufatteleg hardhendt fram mot dei som budde i kolonien. Millionar av kongolesarar måtte bøte med livet då monarken plyndra Kongo for enorme verdiar, særleg elfenbein og gummi. Sjølv sette Leopold aldri føtene sine i Kongo.

For 110 år sidan fekk Leopold den belgiske staten til å overta territoriet som er nesten like stort som Vest-Europa. Fristaten blei Belgisk Kongo. Utbyttinga heldt fram.

Utstilling

Me er i Tervuren, rett utanfor den belgiske hovudstaden Brussel. Praktbygget i parken, som husar Afrikamuseet, blei reist av kong Leopold II, med blodpengar frå Fristaten Kongo. På plenane utanfor skapte monarken ein afrikansk landsby i samband med ei verdsutstilling i 1897. Komplett med grashytter og utstoppa, ville dyr. Og 267 menn og kvinner henta frå Kongo.

Ein menneskeleg dyrehage.

Sju av kongolesarane blei sjuke og døydde i Tervuren. Dei blei gravlagt som «heidningar» på ein kyrkjegard i nærleiken. No er namna deira gravert inn i eit vindauge i museet, og når sola står på, lyser namna som skuggar inne i galleriet. Kongolesaren Freddy Tsimba er kunstnaren bak Skuggar.

Kongens utstilling i 1897 blei ein propagandasuksess, så delar blei permanent, og etterkvart eit monument over belgisk kolonihistorie. Men Det kongelige sentralafrikanske museet fortalde historia om dei kvite kolonisatorane frå Belgia. Dei svartes historie i Kongo var det ikkje plass til. Sist utstilingane i museet blei endra, var i 1950-åra. Då var Kongo framleis ein belgisk koloni.

Revisjon

For 20 år sidan gav den amerikanske historikaren Adam Hochschild ut boka King Leopold's Ghost: A Story of Greed, Terror, and Heroism in Colonial Africa - omsett til norsk i 2002, Kong Leopolds arv.

Boka blei ein augneopnar i Belgia. Mange fekk for første gong kunnskap om brutaliteten til både konge og fedreland. Mange likte ikkje det dei las. Mange likte ikkje det dei såg framstilt på Det kongelige sentralafrikanske museet.

Glorifiseringa av fortida var moden for revisjon. Museet viste ikkje berre fram den særs brutale framferda i Kongo, museet var ein viktig del av rosemålinga. I 2013 stengde direktør Guido Gryseels museet. Kom tilbake om fem år, lydde meldinga han hengte opp på inngangsdørene.

Årelating

Opningsdagen var sundag.

– Me vonar å fortelje ei ny historie, eit nytt narrativ i museet vårt, seier Gryseels.

Den belgiske staten har gjeve direktøren ryggdekning. Sluttsummen for revisjonen og renoveringa enda på 75 millionar euro. Gjennom nye faste utstillingar fortel museet om korleis først kongen, så Belgia la Kongo i lenkjer og årelate det enorme afrikanske landet.

Guido Gryseels har også rydda plass til kunstutstillingar som skal kome og gå, og som særleg skal vise fram dagens Kongo. Museet har ei av verdas største samlingar av afrikansk kunst – noko som har fått dagens president i Kongo, Joseph Kabila til å be om heimføring av gjenstandar frå Belgia.

Dom

Sentralt i kong Leopolds gamle museum, var minnegalleriet – namna til 1.600 belgiarar som døydde i kong Leopolds teneste i åra 1885-1908. Namnegalleriet står der framleis, men no viser ein ny installasjon fram namn på kongolesarar som måtte bøte med livet i same periode. Dei er langt meir talrike.

Direktør Gryseels har budd seg på dommen over det nye museet:

– Halvparten vil sikkert seie at det er for politisk korrekt, og den andre halvparten vil meine at me ikkje har gått langt nok.

Dagens belgiske konge, Philippe, takka bestemt nei til å delta i opninga av Belgias nye Afrikamuseum. Dét blei for vanskeleg.

Kjelder: Het Nieuwsblad, Africa News, Brussels Times, AFP, Reuters, Financial Times, Politico, News Africa, Wall Street Journal

PS: Om lag 200 nordmenn verva seg i kong Leopolds teneste. Offiserar, juristar og sjøfolk reiste til Fristaten Kongo og tok del i utbyttinga.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter