Nyheter

Indremisjonsforbundet vedtok kjønnsendringar i ekspressfart

Opna for fleirtal av kvinner i styret allereie i år.

ÅLESUND: Lovendringa som opnar for at det ikkje treng å vere eit fleirtal av menn (minst 4 av 7) i Indremisjonsforbundet sitt forbundsstyre, skulle eigentleg fyrst gjelde frå neste generalforsamling, men torsdag vedtok generalforsamlinga at endringane skulle gjelde frå og med i år.

Bakgrunnen var at nominasjonskomiteen hadde lagt fram ei kandidatliste med like mange kvinner som menn.

– Resultatet av valet kan bli slik at det ikkje blir fire menn i styret, påpeika generalsekretær Erik Furnes, ifølge Sambåndet.

Deretter vedtok generalforsamlinga samrøystes og utan debatt at valresultatet måtte gjelde, uavhengig av kor mange menn som vart stemt inn i styret.

Fredag vart det klart at tre av sju medlem av det nye forbundsstyret er kvinner. Dette er ei kvinne meir enn i førre valperiode.

LES OGSÅ: Valgte den mest vigselskritiske til sjef

Lære- og tilsynsråd

Samansetninga av organisasjonens lære- og tilsynsråd, som tidligare vart kalla hyrderåd, blei også endra slik at desse ikkje lenger trenger å sitje i forbundsstyret. I lære- og tilsynsrådet skal det framleist berre vere menn.

I samband med namneendringa av hyrderåd til lære- og tilsynsråd, var det ein delegat som tok ordet til den saka.

– Eg skulle ønske at ein framleis kunne kalle rådet for hyrderåd, sa Oddvar Nyheim i frå Innfjorden Indremisjon. Han fekk ikkje med seg fleirtalet på generalforsamlinga til å behalde det gamle namnet.

LES MER: – Vemodig at bedehus blir moské

– Ikkje fordi dei er menn

Generalsekretær Erik Furnes utdjupa dette med namneendringa til hyrderådet:

– Det at vi no endrar namn i sentralleddet, legg ikkje føringar på kva råda skal heite lokalt. I lære- og tilsynsrådet skal nokre menn sitje fordi dei har ei utrusting til å sitje der, ikkje fordi dei er menn.

Ordlyden i §10 er no slik:

«a) Generalsekretær, formann, rektor ved Bibelskolen, samt to personar som styret selv oppnevner, er lære- og tilsynsråd for Indremisjonsforbundet. Disse har et særskilt tilsyns- og læreansvar og skal derfor være menn. b) Generalsekretæren utøver i samråd med lære- og tilsynsrådet, åndeleg tilsyn i organisasjonen på vegne av IMF-styret.»

LES MER: Roser biskopenes homovedtak – får ris av egne

Stort sett menn i debatten

Fleire hadde innlegg om ulike sider av det som styret la fram i Treårsmeldinga for 2013-2015 om både drifta og økonomiske disposisjonar. Sjølv om ImF no kan få et styre med fleirtal av kvinner var det stort sett menn som tok ordet i debatten blant delegatane.

Ragnar Bakken frå Sjøholt Indremisjon takka indremisjonsstyret for det arbeidet som har vore gjort. Han meinte at ImF må engasjere seg for å få etablert ein folkehøgskule for 16-åringar.

– Frå 2018 kan vi ha lokale til å ta imot 16-åringar. Eg trur at det er eit stort behov for ein slik skule for ungdomar i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande, der mange opplever at ein slik skuleovergang kan vere vanskeleg.

Har ikkje barnehagar

Willy Landro frå ImF Hordaland understreka at det vert drifta to barnehagar i krinsen deira i indremisjonsregi, sjølv om det har kome fram opplysningar tidlegare at ImF ikkje har eigne barnehagar. For dei er det ei utfordring at dei barnehagekursa som Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) har for sine barnehagar ikkje er opne for indremisjonsfolk.

– Dette må indremisjonsstyret prøve å få ei ordning for, sidan vi samarbeider med NLM på andre felt.

Debatt om arbeidarmøtet

Kvifor endre noko som har fungert godt, undra Bård Heiseldal frå Molde Indremisjon og refererte til at arbeidarmøta til indremisjonsforbundet har fått gode skussmål, men vert likevel avvikla.

Svaret han fekk frå generalsekretær Erik Furnes var at ein ynskjer å gje ikkje berre tilsette i misjonen inspirasjon, men at alle både tilsette og frivillige leiarar skal på eit møtepunkt.

– Like fullt ser vi at det kan vere behov for til dømes samlingar for forkynnar og andre grupper i forkant av slike leiarmøte i framtida.

Fast gjevarteneste

Fleire av dei som hadde ordet på årets møte snakka om dette med fast gjevarteneste og det å gje tiande. Viktigheita av at misjonsfolket er villig til å gje pengar til organisasjonen, er avgjerande for korleis ein kan drifte arbeidet framover.

Rektor Gunnar Ferstad på Bibelskolen på Bildøy skrytte av misjonsfolket som har reagert raskt på dei økonomiske utfordringane skulen har hatt i samband med omfattande rehabiliteringar dei siste åra. Mange misjonsvenner har no vorte faste gjevarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter