Nyheter

Imam og rabbinar annonserer «fred»

I Malmö har jødar kjent seg utrygge. Fleire har reist frå byen. No prøver rabbinar og imam og byggje bru mellom jødar og muslimar.

Seks månader etter eit fysisk og eit verbalt angrep på jødar i Malmö, fann jødar og muslimar i Sveriges tredje største by det naudsynt å gå ut saman. I desember kasta nokon to brannbomber mot kapellet på den jødiske gravlunden, og nokon ropte «Vi har utlyst intifada frå Malmö. Vi vil ha vår fridom tilbake og vi skal skyte jødane» under ein demonstrasjon i byen.

Judiska församlingen i Malmö, Malmös Muslimska Nätverk og Amanah, ein jødisk-muslimsk dialogorganisasjon, kjøpte plass for ei særmerkt annonse, ei «fredsannonse», i regionavisa Sydsvenskan:

«Vi judar och muslimer i Malmö har bare en sak att säga til varandra - Salaam Shalom», lydde meldinga. Salaam og shalom tyder fred på arabisk og hebraisk.

Vidare seier imam Salahuddin Barakat og rabbinar Moshe-David Hacohen at «vi som bur i Malmö må ta eit oppgjer med diskriminering, hat, fordommar og redsle for den andre», og at jødar og muslimar må stå saman i kampen mot antisemittisme, muslimhat og andre former for rasisme.

LES MEIR: Kippa-aksjon for tyske jøder

Åtvaring

Bodskapen frå imamen og rabbinaren er også eit signal til dei som åtvarar jødar mot å reise til Malmö.

I 2010 oppmoda den jødiske mennesrettsorganisasjonen Simon Wiesenthal Center jødar om ikkje å besøkje byen sør i Sverige. Åtte år seinare opplyser rabbinar Abraham Cooper, som er knytt til senteret, at åtvaringa gjeld framleis, melder Expressen.

Fredrik Sieradzki frå den Judiska församlingen fortel avisa at det er bra om jødar kjem til byen:

– Vi vil vise att vi ikkje er redde. Vi finst her og har vore her sidan midt på 1800-talet.

Vårt Land fortalde laurdag om det Judiska föreningen i Umeå som gav opp i mai. Etter år med truslar og trakkasering såg foreininga ingen annan utveg enn å vedta nedlegging.

Mot

I Malmö bur det rundt 1.500 jødar – og om lag 20.000 muslimar. Rabbinar Moshe-David Hacohen fortel den israelske avisa Ynetnews at «fredsannonsa» kravde mot:

– Det faktum at det muslimske samfunnet og det jødiske samfunnet kjem saman i ei offisiell handling, er uvanleg, særleg i Malmö, og det krev mot frå begge partar.

Han meiner det er særleg sterkt når jødar går ut mot islamofobi og muslimar mot anti-semittisme.

– Det er overraskande og overtydande.

Samhald

Imam Salahuddin Barakat meiner samhald er vegen å gå:

– Samarbeidet mellom det jødiske samfunnet og det muslimske samfunnet i Malmö er til det beste for framtida til Sveriges minoritetar.

Han seier at «fredsannonsa» er ei positiv solidaritetserklæring.

LES MEIR: Forsker på jødisk kultur i Norge

Samkvem

Det er imamen og rabbinaren som har etablert det jødisk-muslimske dialogforumet Amanah, etter at dei to blei sett i kontakt med kvarandre av Michael Melchior, tidlegare rabbinar i Oslo og eks-statsråd i Israel.

Melchior fortel Ynetnews at han er oppglødd over fredsbodskapen frå Malmö:

– Dette er fantastiske nyhende. Det er no ein gnist av von grunna sann og djupt samkvem mellom samfunna.

Han vonar at det blir langt færre dårlege nyhende frå Malmö i åra som kjem (sjå faktaboks).

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter