Nyheter

I Haram kyrkje går no vindkraftdebatten inn i kyrkjebøna

Vindkraft: Sterke meiningar for og imot vindkraft set preg på Haramsøya. – Vi vil bidra til forsoning og tek temaet inn i kyrkjebøna, seier soknepresten.

Sist sundag vart fylgjande tekst fletta inn i kyrkjebøna i Haram kyrkje i Ålesund, og den vil vere gjeldande framover:

«Gode heilage Ande, takk for ditt nærvær. Takk for at Den heilage Ande skaper liv i vår verd. Takk for at di kraft er som vinden, berre langt sterkare. Vi ber om forsoning mellom menneske som er mot og for vindkraft. Takk for engasjement for urørt natur, og for nærområdet som vi lever i. Takk for ei forvaltning av naturen som gir næringsinntekt og eit levedyktig lokalsamfunn. Lær oss å leve i samfunn med deg og med kvarandre. Gud, vi bed».

Ber om forsoning

– Alle snakkar om vindkraft, det er eit dominerande samtaleemne mellom folk og set eit sterkt preg på lokalsamfunnet. Ein sterk motivasjon for å innføre bøna om forsoning er og at familiemedlemmer står mot kvarandre og at naboar ikkje lenger er på talefot. Då var det naturleg å ta det med inn i kyrkjebøna, slik den nye gudstenesteordninga gjer rom for, seier sokneprest i Haram, Magne Bildøy.

Han fortel om stort engasjement og høg temperatur frå begge leirar.

– Gud har skapt oss med kjensler, då er det lov å ha eit sterkt ynskje om å ta vare på Guds skaparverk. Men det må og vere lov å ha delte meiningar om korleis vi forvaltar naturressursane våre, seier soknepresten.

Ikkje mål om einigheit 

Målet er ikkje å forsone med eit mål om einigheit:

– Men vi skal leve godt med kvarandre i framtida – sjølv med heilt ulike syn på det betente spørsmålet om vindmøllene på øya vår. Læresveinane til Jesus kom frå ulike bakgrunnar og var nok sterkt usamde om mykje. Men det måtte dei innordne seg etter, seier han.

– Er det krevjande å ikkje røpe kva du sjølv meiner i saka?

– Eg ligg svært lågt og tek ikkje standpunkt offentleg, soknerådet har også valt å ikkje gjere vedtak i saka som alle snakkar om, seier han.

– Finst det ein terskel for kva ein kan flette inn i kyrkjebøna?

– Den nye gudstenesteordninga gir rom for lokale utformingar av tekst, - ja nærast som eit ideal. Eg tenkjer at det er særs relevant at kyrkja ber om einskap og samhald i ein oppheita debatt. Vi skal bevare skaparverket, men må også syne omsyn til lovverk og forvaltningsansvar.

---

Vindkraft og kyrkjebøn

  • I Haram kyrkje har vindkraftdebatten no fått eige tekstledd i kyrkjebøna under gudstenestene, fordi den set sterkt preg på lokalsamfunnet for tida.

  • I samsvar med ny gudstenesteordning er det rom for lokale tilpassingar i liturgien.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter