Nyheter

Husvertar ventar svar

Over 2.000 huseigarar har ledig husrom for flyktningar. Fleire ventar på svar frå kommunen om plassen blir brukt.

Norge skal busetje rekordmange flyktningar. 5.122 sit på mottak med opphaldsløyve, men manglar kommune som vil ta i mot dei, viser Inkluderings- og mangfoldsdirektoratets (IMDi) siste tal. Samstundes kjem det rekordmange asylsøkjarar til landet i år, og mange av desse får opphald og skal vidare ut i ein kommune. Hittil i år har 7.003 flyktningar fått nye heimar, opplyser IMDi.

Ledige senger

I starten av september blei prosjektet Tilfluktshjem.no unnfanga av innsamlingsstiftinga Bidra.no, IT-selskapet Kommunion og Vårt Land.

Til no har 2.070 huseigarar og hushaldningar meldt inn at dei har over 4.000 sengeplassar – anten i ledige hus, eller i bustadar i eigne husvære.

Ein av dei er Werner Olsen. Han har eit ledig hus i Gamvik kommune i Finnmark, som er blitt registrert i Tilfluktshjem. Olsen har sendt ein epost til kommunen og etterlyst svar; blir det innlosjert flyktningar i huset han har på Skjånes? Han har ikkje fått svar.

Alle registrerte namn er sendt vidare til KS – Kommunenes Organisasjon, som har ei koordinerande rolle med å sortere namn og sende dei vidare til kvar einskild kommune.

LES MER: Han åpner gjestehuset for flyktninger

Ring kommunen

Styreleiar i Bidra.no, Jan Olav Ryfetten, seier at fleire har kontakta han for å fortelje at dei har registrert seg, men ikkje høyrt noko frå kommunen.

I IMDi, som har ansvaret for å finne kommune til alle som skal busetjast, har assisterande direktør Bjørn Holden i IMDi éi løysing på manglande tilbakemeldingar til dei som har registrert seg hjå Tilfluktshjem.no:

– Ta kontakt med kommunen det ledige husværet ligg i, fortel at du kan huse så og så mange flyktningar. Får du ikkje svar frå dei som er ansvarlege for busetjing, kontaktar du lokalpolitikarane og fortel kva du har meldt inn av ledige senger.

Holden fortel at mange kommunar no omtrent støvsugar bustadmarknaden for å finne husvære som kan huse flyktningar.

TILFLUKT: Nettsiden som viser deg hvor og hvordan du kan hjelpe flyktninger

Presset aukar

Dei siste oppdaterte tala frå IMDi seier at neste år skal det busetjast 14.000 flyktningar. Men talet vil auke etter at neste møte i Nasjonalt utval for busetjing, som er 6. november.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter