Nyheter

Historisk rettssak mot Arne Viste - har kjempa for å bli tiltalt

Arne Viste står i Oslo tingrett tiltalt for å gje ureturnerbare asylsøkjarar arbeid. Dette er saka.

Rettssaka er historisk. Knapt nokon gong tidlegare har ein norsk domstol handsama ei sak der tiltalte har trygla om å bli tiltalt.

Men det har Arne Viste gjort.

Heilt sidan han sidan byrja å skaffe jobbar til ureturnerbare gjennom bemanningsfirmaet Plog, har han hatt eit sterkt ønskje om å bli meldt til politiet for brot på utlendingslova, og at påtalemakta skal ta ut tiltale.

Med ureturnerbare meinast asylsøkjarar med endeleg avslag, men som framleis oppheld seg i Norge fordi heimlanda ikkje vil ta i mot dei. I dag tel dei rundt 3.000 personar.

Blant dei er Lula Tekle (55) og Nasim Alimoradi (40).

Her får du ei innføring i Viste-saka:

Kva handlar rettssaka mot Arne Viste og bemanningsfirmaet Plog om?

Påtalemakta meiner Arne Viste bryt utlendingslova, han er tiltalt for «forsettlig eller grovt uaktsomt å ha gjort bruk av en utlendings arbeidskraft når utlendingen ikke har nødvendig tillatelse etter loven», ifølgje tiltalen.

Har politiet etterforska aktiviteten til Viste via Plog?

Ja, i fleire rundar. Men i 2017 la politiet vekk saka og tok ikkje ut tiltale mot Viste. Men i vår snudde politiet og tok i april ut tiltale.

Kva har Viste gjort?

I fire år har han gjennom firmaet Plog gjeve jobbar til personar som ikkje har arbeidsløyve i Norge.

Kven er desse personane?

Det er asylsøkjarar med endeleg avslag, men som blir i Norge fordi dei er ureturnerbare; heimlanda seier nei til å ta i mot dei. Dermed er dei papirlause i Norge, og har ikkje lov til å ta løna arbeid.

LES MEIR: Arne Viste fra IMI-kirken mener Gud har bedt ham om å bryte loven. Her forteller han hvorfor

Grunnloven skal sikre arbeid

Kva rettsleg grunnlag meiner Viste at han har for å tilsetje ureturnerbare i Plog?

Viste meiner paragraf 110 i Grunnlova gjev han rett til å gje ureturnerbare lønna arbeid. Her står det at «De statlige styresmaktene skal legge til rette for at ethvert arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsvirksomheten sin. Den som ikke selv kan forsørge seg, har rett til stønad fra det offentlige». Difor vil han bruk rettssaka til å få avklara kva Grunnlova betyr.

Korleis har Viste handtert det praktiske rundt jobbformidlinga via Plog?

Plog har har handtert skattetrekk, arbeidsgjevaravgift, minsteløn og liknande på same måte som for «vanlege norske tilsetjingar».

VÅRT LAND MEINER: Arne Viste og IMI-kirken er skyldige i å følge eksemplet til Jesus Kristus. Han som viste barmhjertighet

Vil inndra verdiar

Er liknande saker handsama av domstolen, eller er saka mot Viste og Plog historisk?

Ingen andre har tilsett ureturnerbare i bemanningsfirma for så å prøve å bli tiltalt for å utfordre Grunnlova. I juni blei eit norsk-mongolsk ektepar dømt for omfattande brukt av ulovleg arbeidskraft frå Mongolia i reinhaldsfirmaet dei dreiv.

Dersom Viste og Plog taper i tingretten, kva kan straffa bli?

Vanskelege å seie. Det norsk mongolske-ekteparet blei i tingretten dømt til 11 og 10 månader i fengsel, samt inndraging på til saman 1,5 millionar kroner. Men denne dommen er ikkje rettskraftig.

Ønskjer påtalemakta å inndra Vistes inntekter frå bemanningsfirmaet Plog?

Ja.

LES MEIR: Biskop Stålsett: Jeg har brutt utlendingsloven

Budd på å ta saka til Høgsterett

Kjem Viste til å anke dommen dersom han taper i tingretten?

Viste er budd på å anke saka heilt Høgsterett.

Dersom Viste taper i Høgsterett, vil han ta saka inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg?

Ja, han er budd på det.

Kor lenge varer rettssaka i Oslo tingrett?

Det er sett av fire dagar, 30. september - 3. oktober.

LES MEIR: Arne Viste blei endeleg tiltalt

---

Arne Viste

  • Utdanna sivilingeniør ved NTNU.
  • 52 år, gift, to barn, busett i Sola kommune i Rogaland.
  • Aktiv i IMI-kirken i Stavanger.
  • Eig og driv bemanningsfirmaet Plog, som berre gjev arbeid til ureturnerbare, altså asylsøkjarar som har fått endeleg avslag i Norge, men som ikkje kan vende heim fordi regima i heimlanda ikkje vil ta i mot dei.
  • Har gjennom Plog gjeve jobb til 70 ureturnerbare.
  • Har sidan oppstarten av Plog ønskt å bli tiltalt for brot på utlendingslova.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter