Nyheter

Her kjøper statsråden den første, lovlege gardsspriten

Bøndene treng fleire føter å stå på, seier regjeringa. No får dei lov til å selje alkohol direkte frå gardsutsal.

Bilde 1 av 2

Egge Gård i Lier produserer brennevin, vin og sider. Fram til i går blei drikkevarene berre selt via Vinmonopolet, restaurantar og barar.

Frå og med 1. juli er det lov for produsentar å drive direkte utsal av drikkevarene mjød og eplesider med maksimum 22 prosent alkoholinnhald.

Drive fram av Frp

På endringsdagen kom landbruksministeren til Egge Gård for å opne salet som har vore omstridt. I 2010 slo dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) døra kontant igjen for ei slik ordning. Fleirtalet i Stortinget, dei raudgrøne regjeringspartia pluss Kristelig Folkeparti, ville ikkje liberalisere reglane. Saka kom opp i Stortinget etter at Venstre fremma eit forslag om slikt sal.

I 2013 blei dei raudgrøne bytta ut med dei blåblå, og Sylvi Listhaug (Frp) dreiv fram gardsalet som landbruksminister. I vår sa Høgre, Frp, Venstre, Krf, Ap og Sp ja til gardsutsal.

LES OGSÅ: Brynjar Meling kjemper for Krekar, broren hans kjemper for Gud

– Utnytte ressursane på garden

Fredag var statsrådskollegaen hennar, Jon Georg Dale, også han landbruksminister frå Frp, første kunde på utsalet til Marius Egge i Lier.

– Endringa i alkohollova som no trer i kraft, gjer at bonden kan utnytte ressursane på garden på ein langt betre måte, seier Dale.

I pressemeldinga seier Dale at «Bonden får fleire bein å stå på og det gjer grunnlag for å skape nye arbeidsplassar i distrikts-Noreg. Det lokale reiselivet vil dra fordelar av endringa og det vil ha ein positiv verknad på omsetninga av lokal mat og drikke».

LES OGSÅ: Striden rundt grunnleggerne av Jesus Revolution øker i styrke

Årleg kvote: 15.000 liter

Ordninga gjeld berre produkt som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, til dømes eplesider og pæresider. Det blir mogleg for små produsentar å selje desse produkta som ei attåtnæring. Drikkevarer som brennevin, øl og vin som er laga av druer, blir ikkje omfatta av ordninga. Desse produkta kan berre seljast frå Vinmonopolet.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Bønder som ønskjer å selje sider og mjød etter den nye ordninga, må søkje kommunen om løyve. Kvar produsent får ein årleg kvote på 15.000 liter.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter