Nyheter

Helseministeren avgjorde saka – Stortinget sa nei til lovendring

I 2014 lærte me oss eit nytt ord: Tvillingabort.

Ordet kom inn i det offentlege ordskiftet fordi det kom for ein dag at sjukehus tolka abortlova ulikt når gravide med fleirlingar søkte å få fjerne eit foster.

Helseminister Bent Høie (H) ba i april same år om ei avklaring; altså ei ny tolking av abortloven frå 1975.

Nesten to år seinare, februar 2016, kom svaret frå Justisdepartementets lovavdeling. Lovtolkarane slo fast at «abortloven åpner for fosterreduksjon ved flerlingesvangerskap, innenfor de rammer som loven ellers oppstiller. Det innebærer at det er rettslig adgang til å innvilge fosterreduksjon på friske fostre på grunnlag av kvinnens helse (...) eller kvinnens livssituasjon (...) eller en kombinasjon av disse forholdene».

Vidare sa lovavdelinga at «Det er heller ikke grunnlag for å holde utenfor tilfeller der fosterreduksjonen skjer før utløpet av 12. svangerskapsuke på grunnlag av selvbestemmelse».

LES MEIR: Folket splitta om tvillingabort 

Teknisk mogleg

Høie meinte, med støtte frå lovvurderinga, at det ikkje var naudsynt å endre abortlova. Han slo fast at etter den lovtekniske vurderinga var no tvillingabort eit fullt ut lovleg tilbod til gravide innan veke 12, og i perioden veke 12-18, men då etter søknad til abortnemnd.

Spørsmålet om fosterreduksjon hadde aldri vore eit tema for Stortinget, ettersom det ikkje var teknisk mogleg då abortloven blei vedteken i 1975, og sett ut i live tre år seinare.

Senterpartiet og KrF svarte på Høies avgjer med å fremje eit dokument 8-forslag i Stortinget i mai 2016: «Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av lov om svangerskapsavbrudd der det presiseres at fosterreduksjon ikke er tillatt.»

LES MEIR: Gjev bistand som skal sikre kvinner abortrett

«Etisk vanskeleg»

Seinhausten 2016 sa stortingsfleirtalet nei til å etterkome KrFs og Sps ønskje. Ap, Høgre, Frp og Venstre konkluderte med at «lovavdelingen har tolket loven og kommet til at den åpner for fosterreduksjon av friske fostre. Frem til uke 12 gjelder kvinnens rett til selvbestemt abort». Fleirtalet vedgjekk at spørsmålet om fosterreduksjon er «en etisk vanskelig sak».

Sidan Helsedepartementet i 2016 slo fast at det er lov med tvillingabortar av friske fostre, er det utført 25 slike abortar i Norge. Totalt er det utført 38 fosterreduksjonar av tvillingar sidan 2016, 13 grunna sjukdom hjå foster.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter