Nyheter

Hellas: Sender asylsøkjarar 3.000 telt etter Moria-branner

Kva skjer no på Lesvos? Her er svar på noko av det mange lurer på etter katastrofe-brannane.

Bilde 1 av 2

Kva er stoda i Moria no?

Leiren er totalskadd. Moria er delt i to, i hovudleiren som er eit gamalt militært fengsel, budde det vel 4.000 asylsøkjarar. I teltleiren, som ligg rett utanfor leirgjerdet, budde vel 8.000 asylsøkjarar.

Etter brannen natt til onsdag og brannen natt til torsdag må storparten no sove under open himmel.

13.000 flyktningar og migrantar blei huslause etter brannen i Moria-leiren på Lesvos - kva skjer med dei no?

400 einslege mindreårige er frakta med fly til fastlandet og hotell og mottak nord i Hellas, flyttinga er betalt av EU. Planen er at rundt 1.000 skal innkvarterast på ei passasjerferje som vil leggje til kai i byen Mytilini på Lesvos. To marinefartøy skal også huse asylsøkjarar. Resten skal inn i telt. Vel 3.000 telt blir sendt til Lesvos frå lager i Hellas.

Har den greske regjeringa planar om å evakuere Moria-buarane til fastlandet og betre mottak, slik hjelpeorganisasjonar ber om?

Nei. Storparten av flyktningane og migrantane på Lesvos skal bli på øya. Greske styresmakter har erklært unntakstilstand på Lesvos i fire månader.

Før brannen i Moria lova 11 EU-land land – pluss Norge – å hente ut til saman 1.600 einslege mindreårige frå leirar i Hellas, sju EU-land har til no henta ut mindre grupper med einslege mindreårige, vil EU-land vil ta ut fleire som følgje av brannen?

EU har ikkje meldt at ein vil hente ut fleire. Men Frankrike og Tyskland arbeider med ein plan for å ta imot asylsøkjarar frå Hellas, først og fremst barn som har budd i Moria-leiren, fortel Frankrikes president Emmanuel Macron.

Saman med Tysklands statsminister Angela Merkel skal han leggje fram eit forslag til plan og vil forsøkje å få så mange europeiske land som mogleg til å ta imot asylsøkjarar frå Hellas, først og fremst mindreårige.

Har EU prøvd å få til slike relokaliseringar før?

Ja, i 2015, då det kom vel ein millionar flyktningar og migrantar til Europa, prøvde EU gjennom ein avtale å fordele 160.000 asylsøkjarar frå Hellas og Italia. Fire EU-land, Polen, Slovakia, Ungarn og Tsjekkia, nekta å ta ein einaste asylsøkjarar. Då avtalen gjekk ut hausten 2017 var berre ein tredel fordelt.

Som EØS-land stilte Norge opp frivillig og tok vel 1.500 frå Italia og Hellas. Men fordi fleire EU-land saboterte avtalen, sa regjeringa i vår at det ikkje blei aktuelt med relokalisering frå Hellas før «minst åtte-ti» EU-land fysisk hadde henta ut grupper med flyktningar.

Kor mange flyktningar og migrantar oppheld seg i Hellas i dag?

Per juli husa Hellas 121.000. 90.600 i leirar og mottak på fastlandet, 30.400 på øyane som ligg tett inntil kysten av Tyrkia.

Kvifor er det så mange asylsøkjarar i Hellas?

Den indre fluktruta i Middelhavet, frå Asia til Europa, går frå Tyrkia til Hellas. Asylsøkjarane kjem hovudsakleg med båt frå Tyrkia til dei fem greske øyane Lesvos, Samos, Chios, Kos og Leros, der aller flest kjem til Lesvos og Samos. Fordi EU og medlemslanda ikkje vil ta avhjelpe Hellas med å hente ut asylsøkjarar i større grupper, er landet hardt pressa.

Men Brüssel sender rause milliardbidrag til Athen for at grekarane skal klare å handtere tilstrøyminga av asylsøkjarar - og halde dei i landet slik at få får reise nordover i Europa. Siste bidrag kom i vår, ei budsjettstøttepakke til Hellas på 350 millionar euro - eller 3,7 milliardar kroner.

Kva yter Norge av økonomisk støtte til Hellas for at landet skal ta hand om asylsøkjaren som kjem til Europa?

Norge gjev EØS-midlar. I perioden 2012-2024 vil Norge til saman ha støtta Hellas med 570 millionar kroner. Pengane går til å styrkje den greske utlendingsforvaltninga.

Kor mange har kome til Hellas sidan toppåret 2015?

Opp mot 340.000. I fjor kom det nesten 60.000 sjøvegen og nesten 15.000 over land; dei går over elva Evros som skil Tyrkia og Hellas.

I 2018 kom det nesten 33.000 sjøvegen og 18.000 over land, året før var tala nesten 30.000 og 6.500, medan det i 2016 kom 174.000 med båt og 3.800 over land.

Over 245.000 har søkt asyl i Hellas sidan 2016. Dei som ikkje søkjer asyl i landet, gjer det i von om å få søkje asyl lenger nord i Europa.

Om me parallellfører talet 245.000 til Norge, kor mange måtte ha søkt asyl her om me går ut frå folketalet i Norge?

Over 122.000 måtte ha søkt asyl sidan 2016.

Har Norge opna for større grupper med flyktningar til landet for å avhjelpe tilhøva der flyktningane oppheld seg?

Ja, under krigen i Bosnia-Hercegovinia 1992-1995 fekk om lag 14.000 bosniarar kollektivt vern i Norge.

LES MER:

Moria-leiren ødelagt av brann

Vil ikke svare hva som er forberedt for Moria-barna

Disse kommunene vil ta imot barn fra Moria-leiren

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter