Nyheter

Heim til moderkyrkja

Prest Svein Kvamsdal spurde kona først - så søkte han paven om fritak frå kravet om sølibat kring katolsk presteteneste. Etter 40 år som prest i Den norske kyrkja er han no på veg til katolsk ordinasjon.

– Det har vore ein lang veg, både til konvertering og at eg no har valt å bli prest i den katolske kyrkja. Men no kjenner eg meir og meir på at eg er komen heim, seier Svein Kvamsdal.

Han bur saman med kona Evy (som også er prest), i Volda, der han var sokneprest til han pensjonerte seg i 2015. Når han ikkje er prest reiser han gjerne rundt som trubadur, med eigne kulturprogram og kyrkjespel. «Svein prest», slik han lenge har vore omtala, fekk som sokneprest i Den norske kyrkja stadig høyre at han var blitt «heilt katolsk».

– Eg elska å stå i teneste for mine medkristne i Den norske kyrkja. Men det låg nok litt sanning i replikken, særleg i dei siste åra som sokneprest, medgir han.

Mot slutten av prestetenesta innførte han fleire estetiske og symbolske element i gudstenesta, som evangelieprosesjon, lystenning og andre symbolhandlingar.

– Folk var nok litt skeptiske i starten, men etter kvart såg mange at det tilførte noko positivt til messa, fortel han.

Fiendebilete

Han fortel om ein svært lang prosess.

– Det byrja med eit klårt fiendebilete av alt den katolske kyrkja og paven stod for. Eg er so gamal at eg fekk det synet inn både i barneskulen og som student. Alt var gale i moderkyrkja, heilt til Martin Luther kom og ordna opp i sakene. Det var den gjengse haldninga, fortel han.

På 70-talet møtte han den katolske presten Hans Dittmann.

– Eit tilfeldig møte vart til eit livslangt venskap, han var den viktigaste døropnaren inn i moderkyrkja. Lange og djupe samtaler gjorde at fiendebiletet dunsta bort, og etter ei lang læretid fekk eg eit heilt anna syn, og såg kor mykje meir fylde eg opplevde i trus- og gudstenestelivet der, seier konvertitten.

Etter at han konverterte i 2017, vart han kalle inn til biskop Bernt Eidsvig.

– Den gongen var eg forsona med at eg hadde fullført mi gjerning. Men presteteneste er eit livslangt kall. Då han oppmoda meg til å bli prest i moderkyrkja, kunne eg ikkje seie nei, fortel han.

På olsokdagen i sommar vart han vigsla til lektor i den katolske kyrkja, det første steget mot presteteneste.

– Hadde eg ikkje vore gift, kunne ordinasjonen gått fort og greitt. Men sølibatet vert teke på alvor, vitnemål måtte innhentast – og pave Frans ga meg fritak, som ein av 4-5 gifte, katolske prestar i Noreg, fortel han.


Prest Svein Kvamsdal får lektorat av biskop Bernt Eidsvig i Nidarosdomen på Olsokdagen 2020. Foto: Jan Erik Koefoed

Stat – kyrkje

– Biskop Per Lønning spådde at når kyrkja vår vart skild frå staten, ville vi framstå og tale med meir frimodig røyst - og bli ei motkulturell kraft. Diverre tok han feil, no er kyrkja meir å rekne som ei papegøye som syng med i tidas melodi. Den norske kyrkja er blitt politisk korrekt, og vi er blitt redde for å målbere bodskapen vi er sette til å forkynne, meiner Kvamsdal.

Han meiner at innføring av demokrati i store og mindre saker, gjer at de apostoliske kjem i skuggen.

– Dette gjeld både handsaminga av praksis rundt likekjønna ekteskap, og andre saker som svekkjer den verdsvide, kristne einskapen. Til dømes at vi no ikkje lenger har kveitekorn i nattverdsbrødet. Det at vi tek bort kveitekornet som Kristusbilete bryt med ein 2000-årig tradisjon. I den katolske kyrkja ville eit slikt tradisjonelt og symbolsk brot verte rekna som ei alvorleg synd, fortel han.

Han påpeikar at den protestantiske kyrkja no er oppdelt i 9.000 ulike trussamfunn.

– Luther sin kyrkjekritikk var rettkomen i hans tid, men kyrkja gjekk for langt i å velje eit so sterkt skilje. Det bryt med Jesu bøn om at alle kristne må vere eitt - «slik eg og Faderen er eitt». Eg meiner det ligg på oss å ta tak i kvarandre og styrkje einskapen, slik Det nye testamente fortel oss. Slik Jesus var synleg på jorda må kyrkja og vere tydeleg og einskapleg organisert. Å gå til moderkyrkja er for meg eit lite bidrag til den einskapen som manglar, men eg er berre eit lite korn – ein dråpe i havet, seier Kvamsdal og fortsetter:

Fylde

– Alle kristne samfunn tilhøyrer sjølvsagt Guds folk, og har ein plass i hans tempel. Men at vi alle er del i Jesu lekam er tydelegare i den katolske organiseringa. Kyrkja er overalt, den er allmenn og ber i seg fylden av den kristne trua til alle tider. Luther var mykje av årsaka til oppsplittinga i dei 9000 protestantiske trussamfunna vi har i dag. For meg kjem den samrøysta lovsongen betre til uttrykk i den katolske kyrkja.

– Var konverteringa di ein søken mot noko du lengta etter, eller flukt frå ei kyrkje du ikkje var nøgd med?

– Eg følte meg mindre og mindre heime i Den norske kyrkja, i takt med at ein gjer politiske vedtak til teologi. Eg fekk stadig mindre frimod til å stå fram på vegne av kyrkja. Den katolske kyrkja tek eit samla standpunkt, medan det i Den norske kyrkje er det opp til kvar enkelt prest kva ein skal meine. Det er mykje av årsaka til alle konfliktane som tømer oss for energi. No har eg ein sterk følelse av å vere komen heim, seier Kvamsdal.

Heiligenkreuz

Eit viktig steg på vegen var eit møte med eit relikvie i klosteret Heiligenkreuz, like ved Wien.

– Akkurat det såg eg ikkje kome, men det vart ei sterk oppleving å ta på ein liten kross som skal ha vore laga av eit stykke tre frå Jesu eigen kross. Det var ei hending som faktisk vart medverkande til at eg konverterte, ikkje der og då, men gjennom ettertanke og undring, fortel han.


Relikvie: Denne krossen i klosteret Heiligenkreuz like ved Wien skal vere laga av tre frå Jesu kross. – Opplevinga av å ta på dette relikviet var medverkande til at eg konverterte, fortel Svein Kvamsdal.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter