Nyheter

Heidra dei som blei sendt i døden

Dei kom vel 200 i talet. Den eldste 101. Den yngste like gammal som markeringsdagen. Ho blei fødd i dødsleiren for 75 år sidan.

Måndag låg morgonstilla over konsentrasjonsleiren Auschwitz. I det sola bryt gjennom tåka går den første prosesjonen inn porten. Inn under stålskiltet som lova «Arbeit macht frei». Forbi treskiltet med daudingskallen.

Gamle menn kjem kledde i klede lik dei som dei brukte i leiren; blå og grå-stripete jakker og ditto luer. På skuldrene skjerf med ein raud trekant.

Måndag morgon går det eit stille tog av overlevande inn i Auschwitz. Foto: Czarek Sokolowski

Trekantar

I Auschwitz brukte nazistane farga trekantar for å skilje fangane frå kvarandre. Raude for politiske fangar, i hovudsak polakkar. Grøne for kriminelle, for det meste tyskarar. Svarte for «asosiale»; alt frå prostituerte til rom-folk. Lilla for Jehovas vitne og pasifistar. Rosa for homofile, for det meste tyskarar.

Jødane hadde ein gul trekant oppå ein av dei andre valørane.

Det stille toget med overlevande polakkar, tidlegare politiske, fangar stoppar ved Dødsveggen. Dei ber fram kransar som blir plasserte inntil veggen der tusental polske politiske fangar blei avretta gjennom krigsåra, saman med medlemmer i ulike motstandsrørsler som også blei sende til Auschwitz.

Stats- og regjeringssjefar frå ei lang rekkje land er i Auschwitz for å delta på 75-års-markeringa for frigjeringa av leiren - mellom dei kronprins Haakon og statsminister Erna Solberg. Foto: Lise Åserud

Minnedag

På dagen 75 år etter at soldatar frå Sovjetunionens raude hær kom til Auschwitz og frigjorde dei vel 7.000 attlevande fangane, samlar verdssamfunnet seg måndag i den største tyske konsentrasjonsleiren for å heidre dei mange som måtte bøte med livet, vel ein million menneske i Auschwitz.

I 2005 vedtok FN at 27. januar skal vere den internasjonale Holocaustdagen, til minne om dei som blei drepne som følgje av Nazi-Tysklands utryddingskampanje i åra 1938-1945: Ein stad mellom ni og 11 millionar totalt. Av desse drygt seks millionar jødar.

Den første gruppa med Auschwitz-overlevande går inn porten i konsentrasjonsleiren tidleg måndag morgon. Saman med overlevande og familien går også Polens president, Andrzej Duda.

Fødd i leiren

Til Auschwitz kjem dei frå heile verda, Australia, Sør-Amerika, Nord-Amerika, Midtausten, Europa, om lag 200 i talet. Alle overlevde dei den ufattelege brutaliteten i dødsleiren, alle styrde dei utanom gasskammera.

– Eg hadde ikkje noko anna val enn å kome tilbake, eg er den yngste av dei som overlevde, fortel Angela Orosz, som kjem frå Montreal i Canada, til The Guardian.

Ho blei fødd i løynd i desember 1944. Først då Orosz blei litt eldre, fekk ho vite at familien nær hadde blitt utsletta i dødsleiren sør i Polen.

Etter dei overlevande fangane kjem Tysklands president Frank-Walter Steinmeier fram til Dødsveggen og legg ned ein krans på vegne av nasjonen. Foto: Markus Schreiber

Anti-semittisme

Fleire av dei overlevande kjem til Auschwitz motivert av eit sjølvpålagt oppdrag; fortelje yngre generasjonar kva dei opplevde i konsentrasjonsleiren. Dei vonar at bodskapen skal vere politisk vaksine mot anti-semittisme.

– Holocaust blei støtta av ei regjering. Ikkje berre tillet dei at det skjedde, men dei handheva det og oppmoda vanlege menneske til å bli mordarar, forklarar polske Benjamin Lesser til The Guardian.

Den 92 år gamle jøden meiner 75-årsmarkeringa er viktig for å samle seg i kampen mot antisemittismen som breier seg i særleg Europa og USA.

LES MEIR

Dagen då frigjerarane kom til dødsleiren

Hun kalles Polens Anne Frank

Jødiske innvandrarar byggjer nye synagogar i Tyskland

---

Auschwitz

  • Auschwitz er det tyske navnet på den sørpolske byen Oświęcim. Her låg nazistanes største konsentrasjonsleir, som var spesialbygd for masseutrydding av mennesker under andre verdskrig.

  • Storparten av fangane var jødar, men det var også polakker, tyskarar og rom-folk mellom ofra.

  • I snitt levde fangane berre nokre få månadar i Auschwitz. Dei som var for svake til slavearbeid, blei sendt rett til gasskamra. Resten måtte arbeide så hardt at dei døydde.

  • Den sovjetiske hæren frigjorde leiren 27. januar 1945.

  • I alt 767 norske jødar blei sendt til Auschwitz. Berre 32 overlevde krigen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter