Nyheter

Hareide tek utskjelt VG-journalist i forsvar

VG-journalisten i den mykje omdiskuterte Trond Giske-saka har fått mykje tyn dei siste dagane. No får han støtte frå uventa hald gjennom tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide.

I eit innlegg på Facebook opnar Hareide med at det er bra at norske medium tek eit kritisk blikk på eige arbeid.

Han viser til TV 2-reportasjen onsdag som såg nærare på dekninga av den famøse Trond Giske-saka som starta 21. februar. Det er dekninga til VG som blir ettergått i saumane, og spesielt framgangsmåten til VG-journalist Lars Joakim Skarvøy (27).

Skarvøy intervjua den unge kvinna, Sofie (27), som blei filma dansande med Giske i ein kort videosnutt. I TV 2-reportasjen kjem det fram at Sofie meiner VG med overlegg ikkje har fortalt sanninga og publisert sitat som ikkje var reelle.

Ei rekkje medium og debattantar har gått hardt ut mot VG og Skarvøy i etterkant av hendinga, også Vårt Land. På leiarplass seier Vårt Land at det er ei «journalistisk dødssynd» dersom VG bevisst har villeia lesaren.

– Alltid vore real

VG har orsaka til den unge kvinna, til Trond Giske og til eigne lesarar, men kritikken mot avisa og Skarvøy er framleis stor. Knut Arild Hareide gjentek ei tilbakemelding han stadig gir journalistar:

– Når eg møter journalistar og mediehus for å komme med konstruktive tilbakemeldingar er det ein ting eg gjentek: «De spring for mykje i flokk». Hendingane dei siste dagane får meg til å minne om dette både til media og oss sjølve på sosiale medium. Sjølv om flokken denne gongen spring mot media sjølv, seier Hareide.

Hareide skriv at han kjenner Skarvøy gjennom jobben som politikar.

– Han er ein dyktig og tøff journalist. Han har vore tøff mot meg også og laga saker eg slett ikkje har sett pris på. Men han har alltid vore real.

– Ingen agenda

Hareide skriv vidare at han har opplevd at Skarvøy berre har éin agenda, nemleg å lage gode, kritiske nyheitssaker.

– Ein som vil ha spennande nyheitsvinkling, men aldri dikte opp noko. Og ikkje med ein hang til å ta enkeltpersonar eller eit spesifikt parti. Men gjerne ta alle om naudsynt.

Den tidlegare KrF-leiaren er tydeleg på at mediekritikk er viktig, men at han ikkje likar ei utvikling der vi gir media skulda for meir og meir.

– Eg tør påstå at Noreg har medium heilt i verdsklassa. Men ein verdsmeister kan også bomme på siste ståande. Berre spør Johannes Thingnes Bøe.

LES OGSÅ: Vårt Land mener: En journalistisk dødssynd

Ønskjer balanse

Hareide skriv at Facebook-innlegget er skrive etter å ha sett på sosiale medium.

– Og med ønskje om å minne om at å gå i flokk er like krevjande uavhengig av retninga ein går. Sidan tema er media vil eg informere om at sjølv om eg sit på Stortinget no, har eg permisjon frå Schibsted ASA som eig VG.

– Men så skriv eg ikkje dette med eit ønskje om å bli oppfatta som ein objektiv aktør. Men eit ønskje om noko meir balanse, avsluttar Hareide.

Vårt Land har forsøkt å komme i kontakt med Knut Arild Hareide for ein kommentar, men foreløpig utan hell.

Les mer om mer disse temaene:

Hans-Olav Rise

Hans-Olav Rise

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter