Nyheter

Han vandra 290 mil til Roma

Øivind Østang ville kjenne korleis det verkeleg var. Difor brukte han 143 dagar på pilegrimsvandringa frå Oslo til Roma.

På 1500-talet var det jamt slutt. 31. oktober 1517 hamra Martin Luther opp 95 tesar mot avlatshandelen på døra til slottskyrkja i Wittenberg. Hammarslaga blei startskotet på reformasjonen i Tyskland – som stoppa pilegrimsvandringane frå Nord-Europa til Roma.

498 år etter Luthers teseoppspikring i Wittenberg, pakka ein norsk pilegrim ein lett sekk, og la ut på vandring sørover frå Oslo. Med unntak av ein periode på sykkel av helseårsaker, gjekk Øivind Østang 2.900 kilometer frå 12. mai til 1. oktober.

Nymerka veg

– Kvifor i alle dagar til Roma?

– I 2005 gjekk eg til Nidaros, frå Oslo. Då fekk eg spørsmålet «no skal du vel gå til Santiago de Compostela»? Eg svara nei, eg vil heller gå til Roma, for der ligg gravene til apostlane Peter og Paulus.

PILEGRIMSSOMMER: Da solen danset i Fatima

Som sagt så gjort. Østang rydda på kalenderen og samla nok ferie og fridagar til den lange vandringa gjennom same landskap som norske pilegrimar gjekk gjennom i middelalderen.

Vel framme i den gamle pilegrimstartbyen Stade – like ved Hamburg – følgde Østang den nymerka pilegrimsvegen gjennom Tyskland, Austerrike og Italia, Via Romea Germanica.

Han som nekta

Med mobiltelefonen full av daglege vandringsrapportar nådde Øivind Østang den evige stad ein regntung dag i oktober. Sliten, men lukkeleg over å ha nådd heilt fram til Petersplassen, valde pilegrimen å kvile framfor å oppsøkje pilegrimskyrkjene.

– Eg gjekk i Peterskyrkja neste dag.

– Kva gjer størst inntrykk her?

– Peters grav, utan tvil. Her ligg han som fornekta Jesus tre gonger, men som likevel blei klippa vår kyrkje er bygd på.

PILEGRIMSSOMMER: Dette pilegrimsmålet er åsted for et sverdmord

Første helgen

Øivind Østang har vore i Roma nesten 20 gonger. Han opplever seg som ein pilegrim kvar gong.

– Eg har vitja dei klassiske pilegrimskyrkjene. Og som nordmann må ein også innom kyrkja San Carlo al Corso for å sjå Olavsaltaret.

Dette er reist til minne om Olav Haraldssons omvending og dåp. Olav den heilage blei Norges første helgen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter