Nyheter

Han er eit steg unna døden

Folk døyr av selfi-fotografering.

Mannen har kome som pilegrim til Mekka, muslimanes heilgaste stad. Han vil ha eit bilete av seg sjølv med Mekka i bakgrunnen og har klatra opp på fjellet Thor. Med ei såkalla selfistang tek pilegrimen sjølvportrett.

Tek han eit steg bakover, dett han langt.

Farlegare enn hai

Oppteljingar viser at fleire døyr av selfifotografering enn av av haiåtak, melder den britiske nettavisa Metro. Folk fell ned trapper, ned frå bruer og frå fjell, eller får elektrisk støyt i kroppen under jakta på det ultimate fotoet av seg sjølv.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Metros tal viser at siste år har 12 menneske døydd under selfifotografering medan det berre er registrert åtte dødelege haiåtak i verda .

Døde i India

Så seint som sist veke mista ein japansk turist livet då han fall ned trapper under fotografering av seg sjølv ved landemerket Taj Mahal i India, melder Kristeligt Dagblad.

Foto på klippe

I Australia har lokale styresmakter sperre av ei klippe som er forma som ei etasjehøg bryllaupskake. Sjølv om skilt fortel at klippa kan rase, går folk opp for å ta ein selfi – eller 12.

Foto med bjørnar

I USA har naturparken Waterton Canyon i Denver lukka dørene for publikum. Folk prøver å ta selfi med bjørnane i parken, noko som er livsfarleg, melder nettmagasinet Mashable.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter