Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.

Mellom forslaga til ny tittel var jarl, kanslar, fogd, guvernør og høvding.

No har regjeringa gjort eit val. 1. januar blir fylkesmann omdøypt til statsforvaltar.

– Me vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skilnaden mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa.

− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.

LES OGSÅ: Han var pilot i den israelske hæren. Da han protesterte mot bombing av sivile, fikk han sparken

Morosame titlar

Etter samanslåinga av fylker har Norge i dag ti fylkesmenn. Fire av desse er kvinner. Tidlegare KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland er mellom dei fire. Ho er fylkesmann i Oslo og Viken.

- Dei historiske namna basert på gamle norske titlar er morosame. Men min favoritt er guvernør, og eg har ikkje lyst å bli direktør, sa Haugland til Vårt Land i sommar.

Saman med kollega Lars Sponheim i Vestland, tidlegare Venstre-leiar, og påstroppande fylkesmann i Møre og Romsdal, Else-May Norderhus, utgåande stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, blei Svarstad Haugland spurt om kva tittel dei ønskte.

Fleire damer blir utnemnd

«Høvding» vekte åtgaum hjå fylkesmannveteran Valgerd Svarstad Haugland, som har hatt i stillinga sidan 2011.

Else-May Norderhus på si side ønskte ikkje å bli jarl:

- Nei, mørejarl synes eg blir litt kleint.

Norderhus sa ho var glad for å sleppe å bli fylkesmann.

- Eg synes absolutt det er på tide med ein kjønnsnøytral tittel for fylkesmann. Før var det mest tilårskomne menn i slike stillingar. Men no har verda endra seg og fleire damer har kome til roret.

LES OGSÅ: Presten som gifta seg med en drapsmann

Namnebytet vekte få kjensler hjå fylkesmannen i Vestland, Lars Sponheim.

- Dette er eg ikkje engasjert i. Eg opplever ikkje at namnet er så avgjerande for jobben me gjer, sa Sponheim til Vårt Land.

Men, la han til:

- Eg vil helst ikkje ha noko pompøst namn, det er det viktige for meg.

LES OGSÅ:

• - Jarl? Skal eg liksom bli mørejarl? Her er alle forslagene 

De evangelikale i USA sto helhjertet bak Donald Trump i 2016. Han gjør de han kan for at de skal hjelpe ham til seier en gang til

•  Og en av dem er norske Janne Myrdal. Hun er senator i Nord Dakota. Her kan du lese intervjuet, eller klikk her og hør henne fortelle om hvorfor hun støtter Trump i podkasten God Bless America