Nyheter

Gunter Demnig har sett ned 60.000 snublesteinar

Han kjem til Ås med namna til dei som blei drepne i Holocaust. Han støyper steinane ned utanfor der dei budde. Gunter Demnig har sett ned 60.000 snublesteinar.

Den grå hatten, kunstnarens karakteristiske hovudplagg vernar mot junisola, ekstra varm i år. Sitjande på kne pressar han sement ned i sprekkane mellom dei fem steinane i holet på gangvegen. Han har gjort det mange gonger før, fått laga eit hol i brusteinen, i fortauet, i asfalten. Ned i holet set han ein stein, ti gonger ti centimeter. På toppen ei messingplate. Namn, fødselsår, lagnad.

Gunter Demnig set ned fem slike steinar i Solfallsveien i Ås i Akershus. Herman, Thina, Leopold, Philip, Ida, alle med etternamn Bild. Mor, far, to søner, ei dotter. Alle deportert frå Norge med Donau i 1942. Alle møtte døden i Auschwitz i Polen.

– Eg bringar namna deira tilbake, til miljøet der dei ein gong levde, seier Demnig.

LES MEIR Intens polsk-israelsk Holocaust-krangel

Nye steinar

Steinane er meint som minnesmerke, men er også kunst i det offentlege rom. Dei som kjem forbi skal snuble over Holocaust, det industrielle folkemordet på seks millionar jødar. Dei som stoppar opp, bøyer seg ned og les messingplatene skal bli medvitne på at Holocaust også fann stad akkurat her. I denne byen, i denne bygda.

Denne veka blir det sett ned 69 nye steinar åtte stader i landet. Oslo, Bergen, Trondheim. Sør-Fron, Skånevik, Alverstraumen, Volda. Og Ås.

Tysdag blei det sett ned ein snublestein på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). Kjemiingeniøren Isak Glick arbeidde på det som var Norges landbrukshøgskole fram til han blei arrestert i 1942 og sendt til Auschwitz der han døydde i 1943. Marit Sundli Tveit, rektor ved NMBU og Dag Kopperud, Jødisk museum i Oslo, heidrar hans minne.

25 år

Snublesteinane er kalla verdas største desentraliserte minnesmerke. Sidan kunstnaren Gunter Demnig fekk ideen og sette ned første stein for 25 år sidan, er heile 60.000 snublesteinar blitt plasserte rundt om i Europa.

Når tyskaren skulle setje ord på arbeidet, gjekk han til Talmud, jødedommens viktigaste skriftsamling ved sidan av den hebraiske bibel:

– Eit menneske er ikkje gløymt, før namnet er gløymt.

Ber bøn

Medan steinsetjaren sveittar i sola på Ås, vaktar særleg fire kvinner arbeidet. To er barnebarn av Herman og Thina Bild, som døydde i Auschwitz i 1942. To er oldebarn. Liza Reisel er den eine.

– Vi har ikkje graver å gå til. Her får dei minneplater, i det som var deira plass i lokalmiljøet, seier ho og fortel at nedsetjinga av snublesteinane for oldeforeldra og tre av barna betyr mykje for familien.

Gunter Demnig er ferdig. Fem messingplater blenkjer i sola. Midt i gang- og sykkelvegen. Ein tredje bror, Benjamin Bild, har fått sin snublestein på Strømmen i Akershus. Han døydde i konsentrasjonsleiren Gross Rosen i Tyskland.

Av familien på 11, overlevde fem søsken Holocaust.

Liza Reisel stig fram, hentar opp ein tekst på mobilen. Ho les ein kaddish, ei bøn for den døde. Ein sirkel er slutta.

Sterkt jødehat

Ordførar i Ås, Ola Nordal, følgjer nøye med på Gunter Demnigs steinarbeid i Solfallsveien. Sjølv stiller han med blenkjande ordførarkjede rundt halsen. Han vil heidre dei fem som døde så brutalt. Han vil minne om at familien Bild opplevde mobbing og trakassering, særleg barna på skulen dei gjekk på.

– Det var ikkje berre, berre å vere flyktning, innvandrar og jøde i Ås på 1930-talet.

I hundreårssogeboka til Åsgård skole, er Rakel Bild, som overlevde Holocaust fordi ho flykta til Sverige, kjelde til ei forteljing om skulekvardagen til søskenflokken:

«Rakel Bild forteller at det å vokse opp i Ås var grusomt. Ungene kastet snøballer på meg og søsknene mine på vinteren og steiner om sommeren. Barn og unge ropte «jødejævler» etter oss hele tiden. Rakel forteller at de aldri fikk venner i klassen eller i nabolaget. De ble aldri invitert hjem til noen, eller i selskap. Vi følte oss uønsket overalt. Vi turte aldri vise oss ute om kveldene eller i helgene. Det var aldri snakk om å gå på kino, da hadde vi fått juling».

Ole-Johan Bergersen fann det heilt naturleg å kome på nedsetjinga av snublesteinane. 80-åringen frå Ås minnest ikkje Bilds, men faren og ein eldre bror var vener med familien, så han har levd med minna deira.

– Det var skammeleg det som skjedde. Difor er det svært viktig det som skjer i dag, seier Bergersen, tydeleg rørt.

LES MEIR Rømde Hitler-Tyskland - returnerte til Holocaust

Positive huseigarar

Jødisk Museum i Oslo henta snublesteinane til Norge, og har saman med Jødisk Museum Trondheim ansvaret for nedlegginga av namn på jødar deportert frå Norge og drepne i nazistanes utryddingsleirar. Sidan 2010 er det blitt lagt ned 548 steinar i Norge.

– Vi har rundt 200 igjen, fortel Dag Kopperud, samlingsforvaltar ved Jødisk Museum i Oslo.

Målet er at siste stein som minnar dei drepne, norske jødane skal bli sett ned i 2022, 80 år etter at skipet Donau segla til Tyskland med 532 jødar ombord.

– Vi veit no kvar alle norske jødar som blei drepne budde, så alle skal få ein snublestein, seier Kopperud frå Jødisk Museum i Oslo.

Han fortel at berre ein huseigar har til no sagt nei til å få snublesteinar utanfor. I Stavanger måtte kommunens kulturstyre flytte fire steinar 6,6 meter for å kome på trygg grunn i 2013.

Får takk

Gunter Demnig er budd på gjere seg ferdig i Norge. Ti gonger har han vore her sidan 2010. Neste sommar er han tilbake.

– Kva seier dei til deg, etterkommarane til personane på messingplatene?

– Dei seier takk, tusen takk og klappar meg på skuldra.

Mannen bak 60.000 snublesteinar ser ned på dei fem i Solfallsveien i Ås.

– Og så seier dei at det er godt det er ein tyskar som kjem med namna.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter