Nyheter

Guatemala prøver å få eks-generalar dømt for folkemord

Snart skal eks-president møte i retten.

I mai 2013 gjekk det eit sus gjennom ein rettssal i Guatemala by:

Guatemalas tidlegare diktator, eks-generalen Efrain Rios Montt, var funnen skuldig i folkemord og brotsverk mot menneskeslekta. Dommen lydde på 80 år i fengsel.

Men ti dagar seinare oppheva grunnlovsdomstolen dommen, og viste til prosedyrefeil. I januar i år skulle folkemordsaka mot Mont opp på nytt, men saka blei på nytt utsett. Sidan i fjor har Montts legar hevda at han er dement.

LES OGSÅ: Historisk rettssak om sex-slaveri

Blodig

Montts presidentperiode, juni 1982–august 1983, var ein av dei blodigaste i Guatemalas 20 år lange borgarkrig.

Urbefolkninga var særleg utsett fordi særleg mayaane blei skulda for å støtte geriljaen, og under Montts regime blei titusental mayaar drepne, valdtekne og torturerte, og ytterlegare titusental jaga i eksil eller tvinga til å vere med i paramilitære styrkar som kjempa mot geriljaen.

LES OGSÅ: Folket danser i gatene i Guatemala

Overgrep

Ein av offiserane i den brutale regjeringshæren, var Otto Perez Molina. Han blei general før han gjekk inn i politikken og blei president i 2012.

I fjor blei han arrestert for å ha leia ein korrupsjonsring. No ventar han på å bli framstilt for domstolen.

I Guatemala meiner mange at han også må svare for omfattande overgrep under borgarkrigen, ikkje berre økonomiske brotsverk som president.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Gravplass

Rett etter årsskiftet blei 14 tidlegare leiande hæroffiserar arrestere og skulda for krigsbrotsverk under borgarkrigen i landet. Arrestasjonane fann stad etter at pårørande til krigsoffer kunne påvise ein hemmeleg gravplass inne på eit militært område. I gravene låg skjeletta til 558 personar.

Borgarkrigen i Guatemala kosta over 250.000 menneske livet og tok slutt i 1996. Ein FN-støtta sanningskommisjon har konkludert med at regjeringsstyrkar var ansvarleg for rundt 80 prosent av drapa.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter