Nyheter

Gruar seg til konfirmasjon

Kommunar sparar nesten ein halv milliard kroner på å rekne barnetrygd med i sosialhjelpa. Unge i fattige familiar gruar seg til konfirmasjonen.

Kalenderen rundt om i mange norske heimar er no merka for fest: Konfirmasjon. Men alle konfirmantar ser ikkje fram mot dagen då dei skal gå i kvit kappe.

Organisasjonen Blå Kors, som dei seinare åra har bygd ut ei lang rekkje tilbod til barn og unge, ser kva konsekvensar svak kjøpekraft kan få for tenåringar som veks opp i låginntektsfamiliar.

Dyre opplevingar

– Unge gruar seg til konfirmasjonen, fortel Henning Reme, marknadsansvarleg i Blå Kors Kristiansand, til Vårt Land.

Han fortel at året er fullt av viktige riter, jul med gåver, påske med turar og sommarferien med utanlandsreiser.

– Også konfirmasjonen er ei slik rite. Men langt frå alle kan sjå fram til stor fest og rause gåver, seier Reme.

Etablere konfirmasjonsfond

Til Fædrelandsvennen fortel Henning Reme at Blå Kors Kristiansand ønskjer å gjere noko for konfirmantar som strevar på heimebane. Konkret ønskjer ein å etablere eit fond som kan yte støtte til ny kjole eller dress, til festlokale som kan skape ei god ramme rundt hendinga.

– Me ønskjer å leggje til rette for verdige markeringar, ikkje berre dele ut pengar.

Blå Kors Kristiansand klarar ikkje å kome på banen med fondet til vårens konfirmasjonar. Planen er å ha eit konsept klart til hausten, i samarbeid med næringslivet.

Les også: Økning i antall bekymringsmeldinger til barnevernet i Oslo

Tusenlapp i året

Fattige familiar i Norge har små utsikter rask økonomisk betring. Sidan 1946 har staten betalt ut ei universell yting til foreldre med barn under 18 år, barnetrygda. Men i 85 prosent av landets 422 kommunar blir barnetrygda definert som inntekt når sosialhjelp blir rekna ut, fortel SSB.

I januar jubla KrF og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad. Partiet steig inn i regjeringa og hadde fått gjennomslag for å auke barnetrygda til dei yngste. Men avtalen seier ingenting om når, berre at endringa skal finne stad innan 2021: «Øke barnetrygden med 7.200 kroner for barn fra 0 til fylte 6 år i løpet av perioden.»

Ytinga har stått heilt stille sidan 1996, og var fram til mars i år på 970 kroner månaden. Då auka barnetrygda med 84 kroner månaden. KrF sikra ein årleg auke på 1.008 kroner under budsjettforhandlingane i fjor.

Les også: Adopterer barn fra terrorherjet afrikansk land

Kan-justering

Men i mange kommunar ser barneforeldre ingenting til denne vesle veksten. Fordi dei lever på sosialhjelp, og fordi kommunen legg barnetrygda inn i grunnlaget for sosialhjelp, er det kommunen som nyt godt av veksten i barnetrygda; dei sparar meir pengar.

Under regjeringsforhandlingane i januar fekk KrF gjennomslag for ei justering av sosialhjelp mot barnetrygd, men det er berre ei kan-justering: «Sørge for at økningen i barnetrygd (7.200 til barn 0-6 år, red. anm.) også kan komme familier til gode som er avhengige av ytelser etter lov om sosiale tjenester og lov om bostøtte.»

Nesten halv milliard

I mars i fjor ba Stortinget regjeringa utgreie om barnetrygda bør haldast utanfor ved utrekning av sosialhjelp. Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) svarte i oktober: korkje eit «treffsikkert» eller «godt tiltak».

Då Solberg-regjeringa la fram statsbudsjettet for 2019, ba SV Finansdepartementet om svar på eit reknestykke: Kva blir meirkostnaden for kommunane om sosialhjelp ikkje blir avkorta med barnetrygd. Arbeids- og sosialdepartementet leverte på nytt svar: «(...) et anslag for kommunenes merutgifter» vil «samlet være i overkant av 490 mill. kroner.

Rundt 50.000 barn lever i familiar som får sosialhjelp. 21.500 barn blir forsørgja av ein sosialhjelpmottakar som lever av sosialhjelp åleine, fortel SSB.

Også i Kristiansand kommune er barnetrygda inntekt når ein forelder søkjer sosialhjelp.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter