Nyheter

«Griller kristne» og styrkar trua

Thale Bergsholm Nesse trur mange unge kristne er opptatt av å bevare eit vitskapleg syn på verda. Ho er ein av dei som svarar på kritikk for kristendommen i Laget si nye «Grill en kristen»-bok.

– Eg trur ikkje at ein må velje mellom kristendom og fornuft, seier Thale Bergsholm Nesse.

Ho er bidragsytar i ei ny bokutgiving frå Lagets (NKSS) prosjekt «Grill en Kristen». Boka er ei samling av 22 kritiske spørsmål og svar om Bibelens relevans, truverd og moral, som publikum frå ulike «Grill en kristen»-arrangement har stilt kristenrepresentantane.

Spørsmåla er gjerne typiske for mange som er kritisk til kristen tru: «Hvordan kan en 2000 år gammel bok være moralsk veiledende i dag?», «Er ikke Bibelen kvinnefiendtlig?», og «Støtter Bibelen slaveri?».

Apologetikk avgjerande for trua

Thale Bergsholm Nesse studerer teologi på MF, og fortel at ho alltid har stilt seg spørjande til det som står i Bibelen. For henne har trusforsvar - eller apologetikk - vore skjebnesvanger for at ho har halde på si kristne tru.

- Eg trur det er viktig for mange unge at ein har ei oppfatning av verkelegheita som er konsistent. Eg skjøner at ein ikkje ønsker å kaste vitskaplege innsikter på havet fordi ein er kristen, fortel ho.

Tidlegare har Vårt Land skrive om at studentmiljøet i Oslo av nokre blir oppfatta for å vere prega av fiendtlege haldningar til religion - at religion og kristen tru blir oppfatta som antivitskapleg og antirasjonelt.

Nesse opplever at mange av dei som er fiendtlege mot kristendommen ofte sit med ei grunn forståing av kristen tru. Ho håpar boka kan oppklare litt av spørsmåla som typisk dukkar opp i møte med bibeltekstar.

- Slik håpar eg boka kan vere ein inngangsportal for mange, kristen eller ikkje, seier ho.

Sjølv om Nesse trivst i teologistudiet, lukkar ho ikkje for det å kombinere teologistudiet med realvitskaplege emne.

- Det blir gjerne oppfatta som ein utradisjonell kombinasjon. Eg skulle ønske det var meir synleg. Det finst mange vitskapsnerdar som også er kristne, seier ho.

Bibelen og slaveri

I kapittelet ho har skrive går ho laus på spørsmålet «Støtter Bibelen slaveri?».

Sjølv om Bibelen tidvis talar direkte til slaveeigarar, skriv Nesse at det ikkje betyr at det er Guds vilje. Nesse meiner det er viktig å studere forholda som bibeltekstane blei skrive under og korleis ein stilte seg til praksisen.

Ho ser at spreiinga av evangeliet om nestekjærleik, Guds kjærleik til menneska og det å sette menneske fri frå ulike typar lenker, bidrog til å spire betre og nye typar fellesskap.

- Når kyrkjeleiarar likevel har brukt og vil bruke bibeltekstar til å forsvare slaveri, har dei ikkje omsyn til Bibelens klare ord om menneskeverd og fridom. Urettferdige handlingar i Jesu namn kan aldri vere tru mot han som sjølv døydde for menneska sine synder, fortel ho.

Sjølv om kyrkja har gjort mykje godt i kampen mot slaveri, er det viktig at kyrkja og kristne også vedkjenner historiske mistak som har blitt gjort i Guds namn.

- Kristne har mykje på samvitet. Det er viktig at oss som kristne ikkje skyver dette under teppet, men vågar å møte dei kritiske innvendingane folk har, seier ho.

Er med å punkterer truskrisar

Redaktør for boka Jon Romuld Håversen har lenge engasjert seg i «Grill en kristen»-konseptet. Han fortel at det handlar om å møte nysgjerrige og dei som er kritikarar av kristen tru, på deira premiss. Tilnærminga kan også styrke trua, meiner han.

- Vi ser at miljø som ikkje opnar for spørsmål og tvil, ofte har folk som ikkje evnar å halde på trua. Vi håpar boka og konseptet kan vere med å punktere eventuelle truskrisar, seier Haaversen.

I Vårt Land tidlegare i sommar rosa muslimen Fatema Al-Musawi måten Laget forkynna kristen tru gjennom «Grill en kristen». Haaversen er einig i at tilnærminga deira har mange fordelar.

- Det er ein sympatisk og fin måte å kome i kontakt med menneske på og det fører ofte til ein god dialog med folk som er usamde, seier han.

LES OGSÅ

Svarer på om Gud skapte korona

Åpner for trosprat med «grilling»

Ny generalsekretær i Laget

---

Grill en kristen

  • Konsept frå Laget (NKSS) der publikum får stille spørsmål som dei lurar på til ein kristen
  • Arrangement har gått føre seg på ungdomsskular, vidaregåande skular og på universitet
  • Laget lanserte i 2017 boka «Grill en kristen – svar på 20 vanskelige spørsmål»
  • Den nye utgivinga har undertittel «Om Bibelen» og blir utgitt 22. juni
  • Bøkene er ei samling av spørsmål som har vore hyppig stilte på arrangementa

---

Les mer om mer disse temaene:

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter