Glade for ‘bispepresten‘ sin

Nyvigsla biskop Kari Veiteberg har ei ærefrykt for menneskeverdet, meiner medlemmar frå kyrkjelyden i Tøyen kirke.

Anneli Aalerud (t.v.), Margrete Spildrejordet og Inez Elisabeth Engh (t.h.) frå kyrkjelyden i Tøyen kirke, etter at Oslos nye biskop Kari Veiteberg vart vigsla i Oslo domkirke.
Publisert Sist oppdatert

I ei fullsett domkyrkje vart Kari Veiteberg søndag viglsa til biskop i Oslo. 56-åringen frå Stord trer inn i rekka som den sekstiande biskopen i hovudstaden – og den første som er kvinne.

– Personleg er vi sjølvsagt veldig stolte. Men også fordi vi no er ved eit kyrkjehistorisk vendepunkt, tenkjer eg det valet her er veldig viktig. Slik vi kjenner Kari, tenkjer eg ho står for ein teologi som handlar om å gjere kyrkja relevant for menneske, seier Inez Elisabeth Engh.

Ho har saman med Margrete Spildrejordet og Anneli Aalerud gått i kyrkjelyden i Tøyen kirke i snart 17 år. Der har Kari Veiteberg vore prest. Dei er litt vemodige, men mest stolte og glade når Vårt Land snakkar med dei i minusgradane utanfor Oslo domkirke etter vigslingsgudstenesta i går.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP