Nyheter

Gentestfirma ber gravide om blodprøver «under radaren»

Gentestfirma i Belgia ber om norske blodprøver frå gravide. Det ønskjer at prøvene blir innhenta i løynd.

Det er i epostar sendt til norsk helsepersonell som arbeider på feltet, at selskapet Gendia i Belgia, ber om å få kontakt med helsepersonell som «kan ta blodprøver under radaren», fortel Dagens Medisin.

Det handlar om NIPT-testen, ein test som oppdagar kromosomfeil hjå foster. Non-Invasive prenatal testing kan avdekkje om fosteret har auka risiko for kromosonavviket trisomi 21 – som gjev Downs syndrom – og trisomi 13 og 18, som gjev meir alvorlege funksjonsnedsettingar.

LES MEIR Styrkjer jakta på Downs

Fleirtal i Bioteknologirådet sa ja

I haust går det ein debatt om gravide norske kvinner skal få denne testen. I oktober sa eit fleirtal i Bioteknologirådet at helsevesenet bør innføre NIPT-testen som eit tilbod til kvinner som i dag får tilbod om fosterdiagnostikk.

Mindretalet meiner testen er så etisk utfordrande at vi må stoppe og spørje kva vi vil med fosterdiagnostikken.

Desperat oppførsel

Blant dei som har fått epost frå Belgia, er professor Bjørn Hofmann. Han jobbar ved senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. Hofmann meiner det er problematisk at firma prøver å bruke helsepersonell i Norge til å ta testar eller rekruttere folk til å ta testar som ikkje er lovelege i Norge.

– Medan vi er vant til at firma brukar sofistikerte metodar for å auke forbruket av deira testar, også ved vende seg direkte til helsepersonell, er dette ein overraskande einfaldig og nærast desperat måte å rekruttere kundar på, seier Hofmann til Dagens Medisin. Han meiner selskapet langt på veg oppmodar til å gjere noko som er ulovleg.

LES OGSÅ: 12 NGO'er drev bistand på én skole

Bør bli lovleg i Norge

Direktør Patrick Willems i Gendia slår tilbake mot kritikken. Han meiner det er umoralsk at Norge ikkje tilbyr testen – og fortel at selskapet har fått fleire førespurnader frå norske kvinner som ønskjer å få utført NIPT-testen.

Bioteknologirådsleiar Kristin Halvorsen ønskjer å gjere testen lovleg i Norge:

– Når vi først tillèt fosterdiagnostikk for å avdekkje trisomiar, må dei gravide kvinnene få tilgang til den mest presise og formålstenlege metoden.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter