Nyheter

Gammal slaveby ryddar vekk slavepresident

USAs borgarkrig er ikkje over, sjølv om han tok slutt i 1865. Kranfirmaet som skulle heise ned slavemonument fekk dødstruslar.

I fire år stod amerikanar mot amerikanar. Nord mot sør.

Den grunnleggjande årsaka til krigen var slaveriet. I nord var det avskaffa. I sør var det utbreidd. Slavestatane frykta at dei andre delstatane skulle bli så mektige i Kongressen at det ville bli klubba eit nasjonalt forbod mot slavehald.

I 1865 var det over. Sørstatane – som bar namnet Konføderasjonen – måtte strekkje våpen, vifte med det kvite flagget og innsjå nederlaget. Slaveriet blei fullstendig avskaffa i USA.

Likevel kom mange sørstatsleiarar på sokkel – og blei ståande som symbol på politikarane og generalane som ville halde folk i lenkjer for å sikre eigen velferd. Som symbol på rasismen som ikkje har slept taket sør i USA.

I 2015 sa Mitch Landrieu at nok var nok.

– Vi skal hugse denne historia, vi skal lære, men ikkje feire.

Landrieu, som er demokrat og borgarmeister i New Orleans, ba bystyret vedta at fire konføderasjonsmonument blei plukka ned frå sentrale plassar i byen – og stabla vekk på historias skrapplass. Ein president, to generalar og ein obelisk som heidra kvite menn som slo ned eit opprør i 1874.

LES MER – Bibeloversettelse dekker over slaveri

Mottok dødstruslar

To år seinare og mange omkampar rikare har New Orleans i mai heist vekk dei tre siste monumenta – det første gjekk i april. Arbeidet blei gjort av menn med masker, med skotsikre vestar, med lastebilar utan nummerskilt. Midt på natta. Med massiv politivakt.

– Den opphavlege entreprenøren vi hadde hyrt til jobben med å fjerne monumenta, fekk dødstruslar og opplevde at kjøretøy blei sett i brann. Nesten alle kranfirma i det sørlege Louisiana har fått truslar frå motstandarar, skriv borgarmeister Mitch Landrieu i Washington Post.

Ved fleire monumentfjerningar har grupper av kvite menn og kvinner teke oppstilling med det kjende sørstatsflagget og ropt mot både arbeidarar og svarte som har kome for å forsvare oppryddinga i New Orleans historie.

– New Orleans er verkeleg ein by av mange nasjonar. Vi er en smeltedigel. Det er vår styrke, seier borgarmeisteren og minner om den uhyrlege posisjonen byen hadde:

– New Orleans var Amerikas største slavemarknad, ein hamn der hundretusental av sjeler blei brakt i land, selt og sendt opp Mississippi-elva til liv heimsøkt av elende og tortur.

Måtte ned frå sokkel

Difor måtte sørstatspresidenten Jefferson Davis og generalane Robert E. Lee og P.G.T. Beauregard ned frå soklane dei stod høgreiste på.

– Det vil ikkje slette historia. Men vi kan byrje eit nytt kapittel i New Orleans` historie ved å plassere desse monumenta og undertrykkinga dei representerer, i rom med høvelege pedagogiske rammer, meiner Landrieu.

LES MEIR Sjokolade frå slavar

Flaggstrid i Mississippi

I nabostaten til Louisiana i nord, i Mississippi, har ein domstol avvist eit krav om å endre delstatsflagget. Advokaten Carlos Moore, som er afroamerikanar, meiner flagget, som har det omstridde sørstatsflagget i øvre venstre hjørne, er «eit statleg sanksjonert hatefullt uttrykk».

Moore og motstandarane flagget er ei dagleg påminning om slaveri og raseskilje. Forsvararane seier det fortel historia.

Flagget blir heist dagleg på alle offentlege bygningar i Mississippi.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter