Nyheter

Fyller mat på bensintanken

Brad Walter er storbonde. Han dyrkar mais, som blir til mat – og omstridt drivstoff. No ventar han på Donald Trumps miljøpolitikk.

Bilde 1 av 3

Tonn med gul masse sprutar ned i tankbilen. Anlegget er fullt av etterspurte, gule maiskorn. Brad Walter skal kjøre ei ny trailerlast dei 78 kilometrane vestover, frå Cobb i Wisconsin til Marquette i Iowa. Her ventar elvebåtar som fraktar maislastene ned Mississippi.

– Båtane går ned til Mexicogolfen. Herifrå blir maisen eksportert verda over, fortel Walter og tørkar i ei sveitt panne der han står i det varme kontrollrommet.

Dyrker drivstoff

Han kjører på høggir no. Fjorårets produksjon av mais skal ut av tankanlegget på garden. Årets ­produksjon skal inn. Brad Walter er storbonde, midt i det enorme gule maisbeltet som strekkjer seg over statane i Midtvesten i USA. Han haustar 20 kvadratkilometer – eller 20.000 mål – med mais.

Dermed er han også med på å fylle mange bensintankar med eit sterkt omstridt drivstoff i USA. Bioetanol laga av mais. Inntil 15 prosent av ein liter bensin skal vere biodrivstoff.

– Om eg dyrkar drivstoff – og ikkje mat? Kva eg meiner om det?

Walter let spørsmålet hengje i lufta. Bonden er meir oppteken av kva som ventar han som maisprodusent når Donald Trump flyttar inn i Det kvite hus i januar.

Vil USAs 45. president lytte mest på dei store oljeselskapa «big oil» – eller på den mektige maisindustrien «big corn»?

LES MEIR Bli friskare av sunt klima

Biodrivstoff kan gi liv i bygdene

Programmet er vel ti år gammalt. Og svært omstridt. Skal ein la mat gå til drivstoff, berre for å oppfylle krav om meir miljøvenleg drivstoff på den enorme amerikanske bilparken?

Mannen som sa ja biodrivstoff i USA, var president George W. Bush. I 2005 signerte han lova som sa at i all bensin skal det blandast inn etanol, og i all diesel skal det vere biodiesel.

Biodrivstoffprogrammet, som blei omfamna av både republikanarar og demokratar i Kongressen, kviler på tre søyler:

• Kutte USAs utslepp av CO2.

• Gjere USA mindre avhengig av importert olje.

• Styrkje økonomien i rurale strok av USA.

Verdens største maisprodusent

USA er verdas største produsent av mais. 35 prosent blir dyrka på amerikanske jorder. Arealet som blir brukt til maisdyrking er blitt utvida kraftig sidan Bush signerte biodrivstofflova i 2005. Environmental Work Group påpeikar at store område med beiteland og våtmarker er blitt til maisåkrar.

Bransjeorganisasjonen til Brad Walter, USAs maisdyrkarar, har tal som viser kva landets enorme maisavling blei brukt til i fjor:

• 12,5 prosent til eksport.

• 39 prosent til dyrefor innanlands.

• 10 prosent til mat- og drikkevarer innanlands.

• 30 prosent til etanol; altså biodrivstoff.

Biodrivstoffprogrammet er omstridt

Miljøorganisasjonar og klimaforskarar refsar biodrivstoffprogrammet. Maisdyrking trengjer vekk anna landbruk, jordbruksareal blir brukt til å dyrke drivstoff, ikkje mat, maisåkrane krev enorme mengder vatn i mange delstatar, ­fabrikkane som lagar miljøvenleg etanol blir fyrt med lite miljøvenleg fossil brensel som olje og kol, høge prisar på mais driv opp prisen på maiseksporten til Mexico og fattige får ikkje råd til å handle mat

– Dyrke mais for å fylle tankane på bilane våre var ein dårleg idé for ti år sidan. Å doble mengda maisetanol det komande tiåret, er ei dobling av ein dårleg innsats, skriv klimaforskar Carlisle Ford Runge ved University of Minnesota i eit maisnotat.

BIODRIVSTOFF: Maisbonde Brad Walter frå Cobb i Wisconsin fyller ein ny tankbil med mais som skal sendast til eksport. Foto: Bjørgulv Bjåen.

Obamas gave

Dagen før årets viktigaste takkefest i USA, Thanksgiving, leverte utgåande president Barack Obama ei stor gåve til Brad Walter og dei mange amerikanske maisbøndene. Målt i liter skal mengda innblanda­ etanol opp til 56 milliardar liter i 2017.

I valkampen lente innkomande president Trump seg på to mektige næringsgrupper, oljeindustrien og maisindustrien. I fleire store maisstatar i Midtvesten valde veljarane Trump, noko som sikra han verdas viktigaste embete.

No lobbar maisindustrien for at innblandingsgraden av etanol må opp – frå maks 15 prosent til maks 30. Oljeselskapa lobbar for vraking. Saman med sterke republikanarar i Kongressen vonar dei Trump signerer ei lov som opphever biodrivstoffprogrammet.

I kontrollrommet på maislageret i Cobb i Wisconsin har Brad Walter funne svar på spørsmålet han let bli hengjande i lufta.

– Om eg skal dyrka drivstoff eller mat, ja, det må politikarane avgjere. Eg skal vere lenge i denne bransjen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter