Nyheter

Fylkesordførar: Nærare 100 prosent sjans for Giske-comeback

Val-thrilleren i Trøndelag Ap nærmar seg. Fylkesordførar Tore O. Sandvik meiner alt ligg klart for at Trond Giske blir innstilt som leiar.

Laurdag 29. august samlast årsmøtet i Trøndelag Arbeidarparti for å velja ein ny leiar. Trond Giske er ein populær, men også omdiskutert kandidat til vervet.

No rykker Giske-ven og fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) ut med klar støtte til Giske.

På spørsmål frå Vårt Land om korleis han ser sjansane for at Trond Giske blir innstilt som leiar av Trøndelag Ap, svarar han:

- For alle som kan telja, er vel sjansen nærare 100 prosent, om forslaga frå partiorganisasjonen skal bli vektlagd.

Meiner det er «massivt fleirtal» for Giske

Valkomiteen blir leia av avtroppande stortingsrepresentant Arild Grande. Dei legg fram innstillinga til ny leiing før årsmøtet.

Tore O. Sandvik seier det etter forslag frå valkomiteen, er årsmøtet som bestemmer kven som blir ny leiar.

- Der er det eit massivt fleirtal som peiker på Giske. Det vil nok bli opplevd som underleg for dei, om det er eit lite mindretal som skal diktera partileiinga i fylkespartiet, seier Sandvik.

Trønder-Avisa undersøkte stemninga blant alle lokallaga i februar, før fylkesårsmøtet vart utsett grunna korona. Der fekk Giske støtte av 146 av 239 delegatar med stemmerett under årsmøtet.

Eit fleirtal krev 120 delegatar. Det faktiske utfallet avhenger om delegatene blir bundne opp av vedtaka i lokallaga.

Anslår lite støtte til Giske sine utfordrarar

Tore O. Sandvik anslår, ved å telja delegatar på bakgrunn av forslaga som er referert i media, at dei to andre kandidatane som til no har vore framme i debatten, berre har støtte frå om lag 25 delegatar kvar.

Dei to andre kandidatane er ordførar i Nærøysund, Amund Hellesø, og Tone Våg, tidlegare ordførar i Snåsa.

- Det er ingenting som tyder på store splittingar eller store mindretal i dei partiavdelingane som har sendt inn forslag, seier Sandvik.

Fleire vil ha kvinne på topp

Debatten går likevel i partiet om Trøndelag Ap bør leiast av ein mann.

For ein dryg månad sidan melde TV 2 at fleire kjelder peikar på at det kan bli ei kvinne på topp i fylkeslaget. Mellom anna skal AUF Trøndelag, ifølge kanalen, vera opne for å vraka Giske til fordel for ei kvinne.

Kjelder seier også til TV 2 at Arild Grande, leiar av valkomiteen, ønsker seg ei kvinne som fylkesleiar.

I mars gjekk 20 Ap-kvinner ut og kravde ei kvinne på topp i partiet.

Til Adresseavisen peika kvinnene på at Ap alt har ein mannleg fylkesordførar og gruppeleiar for fylkestingsgruppa - nemleg Tore O. Sandvik og Per Olav Hopsø.

Ser på nestleiarverv til Giske som symbolsk viktig

Fleire kjelder Vårt Land har snakka med i Trøndelag Ap, håper på at Trond Giske blir innstilt som nestleiar, og at ei kvinne blir leiar.

Ingen ser det som sannsynleg at Giske ikkje ender opp i ein av desse to posisjonane, som begge gjev plass i Aps landstyre.

Landsstyret møtes to til fire gongar i året og er partiets høgaste myndigheit mellom landsmøta.

Giske som nestleiar blir sett på som ei løysing som er både symbolsk og meir spiselig for den Giske-kritiske fløya. Fleire kjelder meiner det er vanskeleg å få kvinner til å stilla som leiarkandidat mot Giske.

Samtidig er fleire usikre på om Giske vil nøya seg med eit nestleiarverv. Ei kjelde peiker på at eit leiarverv nesten vil sikra Trond Giske renominasjon til Stortinget.

Tone Våg er framleis interessert i leiarvervet

Tidlegare Snåsa-ordførar Tone Våg, stadfestar til Vårt Land at ho framleis er interessert i leiarvervet.

- Eg vart intervjua av valkomiteen før koronautbrotet. Dei har seinare spurt meg om eg framleis er ein kandidat, og det er eg.

Ho seier det er opp til årsmøtet å bestemma kven som blir leiar.

- Det er berre positivt om dei vil ha ei kvinne på topp, seier Våg.

«Prinsippa sit laust»

Når det gjeld kvinne-opprøret i Trøndelag Ap, seier Tore O. Sandvik:

- Enkelte av dei som peiker på ein kvinneleg kandidat i dag, har peika på ein mann tidlegare.

Han viser til utfordraren Amund Hellesø, som har fått støtte frå fleire Giske-motstandarar.

Ifølgje VG sine kjelder har Trondheim Arbeidersamfunn, Giskes eige lokallag, lansert Hellesø som kandidat, men ikkje Giske.

- Leiaren for Trondheim Arbeidersamfunn, Tine Christin Eikevik, har laga eit opprop for ein kvinneleg kandidat, sjølv om laget hennar har gått inn for Hellesø, som vitterleg er ein mann, seier Sandvik og legg til:

- Prinsippa sit laust i denne saka.

Tine Christin Eikevik vil ikkje kommentera utsegnene til Sandvik.

Meiner innstillinga ikkje må vera einstemmig

Tore O. Sandvik meiner at dei som er engasjert i kven som bør blir ny fylkesleiar i Trøndelag Ap, bør bidra til å fremma saka på partimøte framfor å vera anonyme kjelder i media.

- No må det vera slutt på at aktørar som kjenner journalistar i Oslo driv anonyme valkampanjar i eige fylkesparti, seier Sandvik.

Han seier vidare at det «ikkje er avgjerande at innstillinga frå valkomiteen er einstemmig, men at dette må komiteen vurdera sjølv.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter